Korleis er det å vere fattig i Noreg?

Bjørgulf Claussen Om forfatteren
Artikkel

Underlid, Kjell

Fattigdommens psykologi

264 s, tab. Oslo: Det Norske Samlaget, 2005. Pris NOK 328

ISBN 82 -521- 6363 - 7

Kjell Underlid, professor i psykologi ved Høgskolen i Bergen, har skrive ei viktig bok om eit forsømt emne - fattigdommens psykologi. Boka byggjer på intervju av 25 langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp utan rusproblem, eit utval frå eit sosialkontor i Bergen. Forfattaren går først og fremst inn på opplevingane av fattigdom, men også på livshistorier, oppfatningar av årsakene til fattigdommen og konsekvensar av å vere fattig.

Opplevingane er grundig gjengjeve. Dei vert så plasserte inn i psykologisk teori og utgjer dermed det som tittelen varslar, ein fattigdommens psykologi. For å vise sin eigen ståstad startar forfattaren med fattigdom i historia og i skjønnlitteraturen.

Den materielle deprivasjonen er utgangspunktet, men det er kjenslene ved deprivasjon som fengslar både forfattar og lesarar mest. Aggresjon, angst, depresjon og skam finst i ulikt mon og er i hovudsak forståeleg ut frå livshistoria og den aktuelle situasjonen. Kjenslene kan best forklarast med behovsteoriane i motivasjonspsykologien. Tryggleik, autonomi, vørdnad og sjølvvørdnad er dei viktigaste omgrepa ved fattigdommen i det velståande Noreg, der dei fysiologiske behova grovt sett er dekte. Men for oss legar er det verdt å merke seg at om lag ein av ti sosialklientar går svoltne til sengs minst to dagar i veka.

Vi legar treffer relativt mange sosialklientar. Underlid har ikkje spurt om korleis dei 25 ser på oss. Derimot har dei sterke og for det meste negative kjensler overfor dei tilsette på sosialkontora. Det verste er mangel på interesse og vørdnad. Dei opplever at mange ikkje ser på sosialklientane som menneskje. Vonleg har dei eit betre inntrykk av oss legar.

For legar er det såleis mykje å lære av denne boka, som er den første i sitt slag hos oss. Likevel passar ho nok aller best for høgskulestudentar. Grunnen er at boka inneheld mykje allmenn psykologisk teori og dermed har preg av lærebok. Men ein kan godt lese delar. Det vil eg rå mange legar å gjere, for dei fattige pasientane våre fortener ekstra mykje merksemnd.

Anbefalte artikler