Kritisk lys på kunnskapsbasert medisin

Anmeldelser
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Kristiansen, Ivar Sønbø

    Mooney, Gavin

    Evidence-Based Medicine. In its place

    164 s, tab, ill. Oxfordshire: Routledge, 2004. Pris GBP 65

    ISBN 0-415-28321-3

    Kunnskapsbasert medisin og kunnskapsbasert praksis er i vinden og står i fare for å bli eit remedium som løyser det meste av dei problema vi har i helsetenesta. Då er det både forfriskande og på sin plass at feltet blir sett under eit kritisk lys. Denne engelskspråklege samlinga av 11 artiklar rettar seg til medisinarar, beslutningstakarar og studentar. Forfattarane, som alle er tunge internasjonale akademikarar, vurderer kunnskapsbasert medisin frå til dels svært ulike synsvinklar. Rett nok slår alle fast at vi treng eit solid vitskapleg beslutningsgrunnlag i helsetenesta, og dermed meir kunnskapsbasert medisin, men dei er i varierande grad kritisk til den status og den bruken feltet har fått.

    Redaktørane åtvarar mot å sjå boka som dekkande på feltet, men den har likevel ein brei angrepsvinkel og ei stor spennvidde som speglar forfattarane sin faglege bakgrunn: helseøkonomi, epidemiologi, medisinsk beslutningsteori, klinisk medisin, medisinsk filosofi og internasjonal helse. Tematisk kan ein såleis finne alt frå ein spennande analyse av Archie Cochranes akademiske og etiske testamente og ein gjennomgang av randomiserte forsøk som reiskap i etiologisk forsking og førebyggjande medisin, til ei kritiske vurdering av omgrepet «numbers needed to treat».

    Til tider verkar kritikken noko krampaktig. Det blir å slå inn opne dører når ein brukar mykje plass og krefter på metodeproblem og avgrensingar ved klinisk kontrollerte forsøk og metaanalysar. Slik kritikk og slike åtvaringar finn ein i dei fleste metodebøker om emnet. Meir relevant og viktig blir avgrensinga av kva kunnskapsbasert medisin kan brukast til. Den kan aldri erstatte skjønn og verdivurderingar i handsaming av enkeltpasientar og ikkje minst i helsepolitikken. Men også her er det nok vorte langt mellom fundamentalistane som er ueinige.

    Trass i noko varierande kvalitet på bidraga er dette vorte ei bok verd å lese for alle som ønskjer å ha ei kritisk haldning også til det fagpolitisk korrekte.

    Eg tilgir gjerne ein del trøyttande gjentakingar. Verre er det å tilgi prisen på boka. Ein må truleg vere helseøkonom, slik dei to redaktørane er, for å finne prisen på ca. 800 kroner rimeleg for ei engelskspråkleg bok på 160 sider. Kanskje helseøkonomien bør stå for tur for ei kritisk bok?

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media