Praktisk nyttig etikkbok

Reidun Førde Om forfatteren
Artikkel

English, Veronica

Critchley, Gillian Romano-

Sheater, Julian

Sommerville, Ann

Medical ethics today

2. utg. 822 s. London: BMJ Publishing Group, 2004. Pris GBP 60

ISBN 0- 7279-1744-7

Denne store boka (822 sider) er også eit resultat av legeforeininga si satsing på etikk. Boka kom ut første gong i 1993 og er basert på dei mange sakene som er blitt spelt inn til foreininga. Ho er pedagogisk, praktisk og spenner over svært mange ulike tema, slik som ulike former for samtykkeproblematikk, lege-pasient-forholdet, etiske problem ved livets start, inklusiv reproduksjonsteknologi og genetikk, og ikkje minst eit viktig kapittel om det å velje å la vere å behandle. Særleg viktig er drøftinga av etiske problem knytt til legens mange roller. Kvart kapittel startar med ein presentasjon av innhaldet og sluttar med eit samandrag. Mange av problema er illustrerte med kasuistikkar, og boka inneheld eit detaljert stikkordregister. På grunn av lengda egnar ikkje boka seg som sengelektyre, men har stor verdi som oppslagsbok. Ho bør derfor finnast på sjukehusbibliotek til bruk i den praktiske kliniske kvardagen. I dei ulike kapitla er det også teke inn juridiske drøftingar, lovregulering av feltet og rettssaker der problemet er behandla. Boka er ikkje analytisk nok til å kunne passere som ei viktig lærebok i etikk. Mange av standpunkta som blir tilrådd manglar gode grunngivingar og pro-og-kontra-argument. Men fordi dei praktiske etikkproblema er så godt dekka, vil boka likevel vere av verdi også for folk som arbeider med etikk, ikkje minst med undervising.

Anbefalte artikler