Praktisk samfunnsmedisin

Kristian Hagestad Om forfatteren
Artikkel

Cornell, John

Eskin, Frada

Problem-based learning for health improvement

Practical public health for every professional. 240 s, tab, ill. Oxon: Radcliffe Medical Press, 2003. Pris GBP 28

ISBN 1-85775-501-4

Reformar og nyorientering i National Health Service (NHS) i Storbritannia ved starten av det 21. hundreåret har ført til auka etterspørsel etter personell med samfunnsmedisinsk kompetanse og til veksande interesse for fagfeltet.

Innan the Royal College of Physicians har the Faculty of Public Health Medicine definert ti sentrale område for samfunnsmedisinsk praksis. I norsk språkdrakt og referenseramme kan desse omtalast som helseovervaking, forebyggjande og helsefremjande arbeid, kunnskapsbasert praksis, tverrsektorielt arbeid, utvikling av helseprogram og -tenester (med vekt på utjamning!), policy- og strategiutvikling, lokalsamfunnsarbeid, strategisk leiarskap, forsking og sist (men ikkje minst interessant) personleg fagleg utvikling og tidsstyring.

I denne boka har 11 framtredande representantar for britisk samfunnsmedisin omtalt desse ti områda, som kvart har fått sitt eige kapittel. Framstillinga er klar, konsis og oversiktleg. Enkle figurar og tabellar lettar lesinga. Kvart kapittel inneheld konkrete eksempel og øvingsoppgåver. Boka eignar seg best for bruk i grupper av utdanningskandidatar, men kan også med utbytte lesast ved eige skrivebord.

Samfunnsmedisin er det medisinske fagfeltet som er mest avhengig av konteksten, dei samfunnsmessige rammevilkåra, som verksemda skal utøvast innan. Det inneber ikkje at denne boka er uaktuell i vårt land, men eg kunne ønskje vi hadde ei tilsvarande konsis og praktisk anlagt bok for komande (gjerne også erfarne!) norske samfunnsmedisinarar – som eit supplement til den nyleg utkomne større læreboka i faget. Rett nok er tilgangen på utdanningskandidatar i Noreg laber for tida, men mykje tyder på at det kan snu seg hos oss som det har gjort i Storbritannia.

Anbefalte artikler