Meir PLO-propaganda frå Tromsø

Brev til redaktøren
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Studentane Eirik Kjus Aahlin & Silje Andreassen frå Tromsø har vore i Israel (dei skriv feilaktig Palestina) og gir i Tidsskriftet nr. 13 – 14/2003 (1) oss lesarar del i dei opplevingane dei hadde. Studentoppgåva dei har fått på trykk, er gjennomsyra av negativ omtale av Israel: okkupant, overgripar, undertrykkar, ugrunna arrestasjonar, portforbod osv.

    Ein kort kommentar gir ikkje plass til ein grundig gjennomgang av konflikten i Midtausten, men nokre punkt vil eg likevel kort omtale. Konflikten går kort fortalt ut på at ein stat (Israel) kjempar for livet for å overleve mot muslimske nabostatar som brukar palestina-arabarar (eigentleg arabarar frå dei same statane) som spydspiss. Israel okkuperer ikkje anna land sitt territorium. Områda som det er strid om, m.a. Judea og Samaria, er gamalt jødisk kjerneland. Då landet tok tilbake desse områda i ein forsvarskrig i 1967, var dei ulovleg okkuperte av Jordan. Sjekkpostar er naudsynte grunna tallause freistnader på og gjennomførte sjølvmordsbombeåtak. Den dagen dei muslimske terroristane sluttar med dette, vert det slutt på sjekkpunkta.

    Studentane spør: «Når ble ambulansepersonell (frå PRCS = Raud halvmåne) militære mål?» Det vart dei etter at dei same ambulansane vart tekne i bruk av dei muslimske terroristane i krigen mot Israel, eksempel transport av terroristar, våpen og bomber, samt at det vert skote frå dei. Eg vil minne studentane på at også israelske ambulansar (over 80 per 2002) er øydelagde av palestinarar; dette er ambulansar som vert brukte til det dei er laga for.

    Mange har nekta for denne misbruken, men ein ambulansesjåfør for PRSC har vedgått at han transporterte våpen og bombebelte til terroristar i Martyrbrigadene i Nablus og Ramallah. Sjåføren vart dømd til 4 1/2 år i fengsel.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media