Rettar og plikter i helsetenesta

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Ohnstad, B

Rettigheter og plikter etter ny helselovgivning

287 s. Oslo: Fagbokforlaget, 2002. Pris NOK 329

ISBN 82-7674-876-7

Boka er rekna på studentar innanfor helse- og sosialfag på høgskolenivå. Teksten gjev ein grunnleggjande gjennomgang av lov om helsepersonell, lov om pasientrettar og lov om psykisk helsevern. Ho er rimelig godt oppdatert på dei sentrale områda. Prisverdig nok er dei tre lovtekstane også tekne med i teksten.

Eg saknar noko om grenseflata mellom helsetenestelovgjevinga og sosialtenestelovgjevinga. Det hadde auka bruksverdien av boka monaleg for studentar innanfor helse- og sosialfag. Vidare saknar eg meir tilvisingar til forvaltningspraksis, noko som er ganske viktig innanfor dette rettsområdet.

Omtalen av kravet til forsvarleg praksis er grei, sjølv om det særleg er her eg saknar meir om forvaltningspraksis. Eg tykkjer også at det kunne vore gjeve litt plass til ei drøfting av forsvarlegkravet og alternative behandlingsformer utførte av helsepersonell.

Nokre stader er teksten litt unøyaktig, til dømes under omtalen av tilsynet sine rådgjevingsoppgåver (s.19). Der kunne det dessutan vore vist til forarbeida til endringane i tilsynsloven som kom før siste handa blei lagt på teksten i denne boka. Vidare stussar eg litt på utsegna om at eit avvik frå ei norm må vere av ein viss storleik for å vere uforsvarleg (s. 66). Eit avvik frå forsvarlegnorma må vel vere uforsvarleg, utan at det dermed er sagt at det i seg sjølv er grunn nok for tilsynet til å reagere. Eg stussar òg litt på den bastante utsegna om at sjukehusprestar fell inn under helsepersonellova (s. 31). Dette vil til dømes innebere at presten har journalføringsplikt. Det kan nok vere slik dersom presten gjev helsehjelp, men slett ikkje når han utfører oppgåver som det typisk ligg til ein prest å gjere, irekna sjelesorg.

Trykketeknisk er boka kjedeleg og lite påkosta, men slik må det kanskje også vere med ei bok som garantert vil måtte kome i mest årlege nyutgåver for å vere aktuell.

Som lærebok i grunnutdanninga av helsepersonell meiner eg at boka er grei, trass i merknadene mine.

Anbefalte artikler