Klassikar i ny utgåve

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Andenæs, K

Molven, O

Rasmussen, Ø

Sandberg, K

Warberg, L

Sosialrett

470 s. Oslo: Universitetsforlaget, 2003. Pris NOK 498

ISBN 82-15-00387-7

Dette er sjette utgåva av eit klassisk verk innanfor sosial- og helseretten i Noreg. Boka er i første rekkje rekna på studentar på høgskulenivå innanfor helse- og sosialfaga, men målgruppa omfattar også yrkesutøvarar innanfor tenesteyting og forvaltning.

Teksten er sett saman av seks frittståande kapittel skrive av fem forfattarar; alle juristar med godt kjennskap til aktuelle delar av det juridiske fagfeltet. Det er difor sjølvsagt lite å pirke på ved kvart kapittel. Men i og med at det ikkje har vore ein samlande redaktør for teksten, er det ikkje til å kome forbi at framstillinga i dei ulike kapitla er noko ujamn, både i form og innhald. Boka får difor eit visst kompendiepreg over seg. Kapitla er noko ulikt oppdaterte med omsyn til lovendringar frå 2003. Nokre overlappingar er det også mellom kapitla, men det er slett ikkje plagsamt.

Forvaltnings- og sosialretten er grundig omtala. Helseretten er noko meir summarisk framstilt, men gjev ei oversikt grei nok som innføring. Personleg saknar eg noko meir utfyllande om konkrete vurderingar av rett til nødvendig helsehjelp, kravet om fagleg forsvarleg tenesteyting og innhaldet i det miljøretta helsevernet. Alt dette er daglege debattema i den kommunale sosial- og helseforvaltninga.

Boka kjem ikkje inn på trygderettslege spørsmål. Det er kanskje ei nødvendig avgrensing, men eg hadde nok ønskt at grenseflatene mellom tenesteretten og trygderetten hadde kome fram på fleire stader.

Styrken med denne boka er at ho set sosial- og helseretten inn i eit større rettsperspektiv. Dette relativt nye rettsområdet får difor ei trygg forankring i ein norsk rettsdogmatisk tradisjon og framstår som noko meir enn ei samling med instrumentelle reglar for løysing av konkrete problem i ein praktisk kvardag. Dette blir då også boka si svake side. Ho vil truleg bli opplevd som lite matnyttig som oppslagsbok for ein klinikar som treng kjappe svar på konkrete problem. Teksten eignar seg for den som ønskjer å øve seg i å tenkje forvaltningsrettsleg forsvarleg. Såleis trur eg at det vil vere saksbehandlarar i tenesteytande verksemder som vil ha størst utbytte av boka. Dei kan gå til denne teksten i trygg visse om at dei får ei innføring i juridisk tenking som held seg både i møte med klageinstansar, Sivilombodsmannen og retten.

Anbefalte artikler