Ambisiøst legejus-prosjekt

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Befring, AKC

Grytten, NJ

Ohnstad, B

Jus for leger

558 s. Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2002. Pris NOK 650

ISBN 82-7634-310-4

Boka er på mange måtar ei nyskaping i den helserettslege boksamlinga. Det er ei lærebok i juridiske emne for legar. Ikkje minst er det tydeleg at ho er tenkt å tene som oppslagsbok. Ho skil seg såleis frå mykje av den andre helserettslege litteraturen vi har, ved at ho har legar som tydeleg, og kanskje einaste, målgruppe. Det blir difor gjeve stort rom til rettsreglar som er relevante for legen i ulike roller, slikt som behandlar, sakkunnig, arbeidsgjevar og rådgjevar.

Teksten startar med å gje ei innføring i juridisk metode og juridiske omgrep. Deretter kjem det ein presentasjon av ulike rettsområde med sterk vekt på helsepersonellova og nokre arbeidsrettslege emne. Trygderettslege emne og lovgjeving knytt til mykje av samfunnsmedisinsk praksis, er lite eller inkje omtala.

Med ein så brei innfallsvinkel er dette eit ambisiøst prosjekt. Det er difor ikkje til å undrast over at teksten er noko ujamn frå kapittel til kapittel, både i omfang og i sakleg djupn. Det gjer for så vidt ikkje noko, berre lesaren veit at ein ofte må til andre kjelder for å gå meir i djupet. Boka framstår som ein grei rettleiar for legen inn mot jus og forvaltning, men knapt som noko autoritativt referanseverk ved løysing av meir komplekse utfordringar.

Hovudårsaka til dette finn eg i at teksten i liten grad viser til og dreg fram døme frå forvaltningspraksis. Rett nok kan det hevdast at dette handlar om svake rettskjelder, men innanfor mykje av dei emna som boka drøftar, er det nett forvaltningspraksis som syner kva rettslege standardar som blir lagde til grunn og korleis ulike spesifikke rettsreglar blir tolka i praksis.

Eg saknar meir drøfting av korleis lov om helseforetak påverkar legerolla i den spesialiserte helsetenesta. Grenseflata mellom jus og etikk er omtala, men svært lite problematisert. Regelverket knytt til prioritering av pasientar er heller ikkje gjeve særleg rom.

Likevel: Om denne boka blir brukt av legar i praksis, slepp i alle fall tilsynsetaten ein del tullete kommunikasjon med fagmiljøa!

Anbefalte artikler