Mikrobiologi for helsepersonell

Reidar Hjetland Om forfatteren
Artikkel

Schøyen, R

Mikroorganismer og sykdom

Lærebok i mikrobiologi og infeksjonssykdommer for helsepersonell.

8. utg. 478 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal, 2002. Pris NOK 495

ISBN 82-05-28059-2

Mikroorganismer og sykdom av Joh. O. Josephsen og Rolf Schøyen har sidan 1970-åra vore mykje brukt som lærebok i mikrobiologi i utdanninga av sjukepleiarar, radiografar etc. Etter at Josephsen gjekk bort i 1997, har Schøyen no gitt ut den 8. reviderte utgåva av boka. I høve til dei tidlegare utgåvene har infeksjonssjukdomane fått ein breiare omtale enn tidlegare, enkelte nye kapittel er komne til og elles er alle kapittel oppdaterte og delvis omarbeidde. Undertittelen er difor oppdatert til Lærebok i mikrobiologi og infeksjonssykdommer for helsepersonell, og forfattaren og forlaget vonar at boka vil eigne seg for andre enn berre sjukepleiarstudentar, til dømes medisin- og bioingeniørstudentar.

Etter eit par innleiande kapittel går boka gjennom oppbygging og genetikk hos mikroorganismane, følgd av kapittel om patogenitet og virulens, normalflora og smitte. Deretter omtalast infeksjonsforsvaret og immunapparatet, diagnostikk ved infeksjonssjukdomar og antimikrobiell kjemoterapi. Så følgjer relativt fyldige omtalar av dei fleste aktuelle humanpatogene bakteriar, virus, soppar, parasittar og prionar. Avslutningskapitla omhandlar desinfeksjon og sterilisering, epidemiologi, overvaking og førebygging av smittsame sjukdomar, sjukehusinfeksjonar og laboratoriemetodar i mikrobiologien. Boka er i paperback og skriven på eit ledig og lettlese bokmål. Det kunne med fordel vore enno fleire og meir fargerike illustrasjonar. Etter kvart kapittel er det greie arbeidsoppgåver, og nytt i siste utgåve er sjukehistoriar som gjer stoffet mindre teoretisk.

Boka er så omfattande og detaljert at vi ikkje kan vente at helsefagstudentar tileigner seg alt som er omtala. Læraren må difor sjølv definere pensum og rette inn undervisning og eksamen etter dette. Til gjengjeld gir den ein grundig gjennomgang av mikrobiologi og er ein god basis for undervisning i smittevern og infeksjonsmedisin. Medisinstudentar vil eventuelt kunne ha glede av boka som tillegg til annan litteratur.

Mikroorganismer og sykdom kan trygt tilrådast som lærebok i mikrobiologi for ulike typar helsefagutdanning på høgskulenivå og som seinare oppslagsbok på arbeidsplassane for desse gruppene.

Anbefalte artikler