()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    På spørsmålet mitt om reorienteringsterapi er etisk uforsvarleg, svarer Morten Selle eit bastant ja.

    Det har han etter mitt syn ingen grunn til. Selle kan utvilsomt finne litteratur og undersøkingar som støttar hans syn. På same måte kan eg påvise kjelder som støttar mitt.

    Merton Strommen har skrive ei svært interessant bok om emnet (1). Boka er, trass i negativ omtale av Selle, vel verd å lese – om ikkje anna som ei motvekt til all homopropagandaen vi finn, det vere seg i medier eller tidsskrift av ulikt slag. Eg vil tilrå ho på det varmaste.

    At born med homoseksuelle «foreldre» kan ha 3 – 4 gonger så stor risiko for sjølve å bli homofile, burde sjåast på med mykje meir alvor enn kva Selle gjer, han prøver å avfeie dette med tilvising til «kristenfundamentalistiske» kjelder. Personleg ville eg oppleve det som ein tragedie dersom mine born fekk ei slik utvikling. Eg vil sjå den (heterofile) mor eller far som med handa på hjartet synest det er OK at borna deira vert homofile.

    Selle viser til solid fagleg grunnlag for Norsk psykiatrisk foreining si avvising av reorienteringsterapi. I USA har National Association for Research and Therapy for Homosexuality samla over 1 000 psykologar som er usamde med Morten Selle.

    Poenget med mitt første innlegg var og er: Norsk helsevesen har plikt til å hjelpe alle homofile/lesbiske som sjølve tek kontakt og ber om hjelp til å skifte seksuell legning. Undersøkingar (1) har vist at tala for helbreding (skifte til heteroseksuell orientering) kan variere frå 25 % til 50 %. Resultatet skulle såleis ikkje stå tilbake for mange andre terapiar som vert brukt i medisinen. Men dette er utoleleg for homoaktivistar og Morten Selle. Med kva rett vil dei ta frå desse ulukkelege homofile sjansen til eit betre liv?

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media