Slanking blant jenter frå Hordaland

Klinikk og forskning
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Abstract
    Bakgrunn

    Bakgrunn

    . Slanking er svært vanleg blant jenter og unge kvinner. Føremålet med denne artikkelen er å studere stabiliteten av slanking i ein kohort unge kvinner i alderen 13 – 21 år, og å sjå slankeåtferda deira i samanheng med kroppsmasseindeksen.

    Materiale og metode.

    Materiale og metode.

    Deltakarane kjem frå Vaksen i år 2000-studien. I 1990 vart eit representativt utval på 1 195 13-åringar frå Hordaland inviterte til å vere med. 414 jenter deltok i den første datainnsamlinga, av dei deltok 253 (61 %) òg då dei var 15, 18 og 21 år. Sjølvrapporterte slankeforsøk, høgd og vekt blir presentert her.

    Resultat.

    Resultat.

    40 % rapporterte då dei var 14 år at dei hadde slanka seg det siste året, og denne delen heldt seg stabil med aukande alder. Slanking på seinare tidspunkt var mykje vanlegare hjå jenter som hadde slanka seg som 14-åringar enn hjå dei som ikkje hadde gjort det. I 13 – 21-årskohorten rapporterte 18 % å ha slanka seg på alle tre hovudmålepunkta. Desse jentene hadde ein høgare kroppsmasseindeks enn dei som ikkje slanka seg, men berre 30 % kunne kallast overvektige.

    Fortolking.

    Fortolking.

    Slanking er svært vanleg blant unge jenter, det er ein fast del av livet til mange av dei.

    Abstract

    Background

    . Dieting is highly prevalent among girls and women. The purpose of this article is to study the stability of dieting in a cohort of young females from age 13 until age 21, and to relate their dieting behaviour to their body mass index.

    Material and methods.

    Participants took part in the Norwegian Longitudinal Health Behaviour Study. In 1990, a representative sample of 13-year-old school children from Hordaland County were invited to participate. A total of 414 girls participated at baseline, and 253 (61 %) also participated at ages 15, 18 and 21 years. Height, weight and attempts to loose weight were collected through self-reports.

    Results.

    At age 14, 40 % reported dieting during the past year; the proportion stayed stable with increasing age. Dieting at later ages was much more prevalent in girls who had dieted at age 14 than in those who had not. In the 13 to 21 year cohort, 18 % reported dieting on all the three main measuring points. While these girls had a higher body mass index than their non-dieting peers, only 30 % of them could be characterised as overweight.

    Interpretation.

    Dieting is highly prevalent among adolescent girls and a stable feature in the life of many of them.

    Artikkel
    Tabell  1

    Utviklinga i gjennomsnittleg kroppsmasseindeks (95 % konfidensintervall) hjå jenter i Hordaland frå 13 til 21 års alder, og jamføring av kroppsmasseindeks i og utanfor kohorten på kvart tidspunkt¹

    Alder (år)

    Kroppsmasseindeks i kohort Gjennomsnitt (95 % KI)²

    Kroppsmasseindeks utanfor kohort Gjennomsnitt (95 % KI)²

    P-verdi

    13

    18,4 (18,1 – 18,7)

    18,2 (17,8 – 18,6)

    0,44

    14

    19,3 (19,0 – 19,6)

    18,9 (18,5 – 19,2)

    0,06

    15

    20,1 (19,8 – 20,4)

    19,8 (19,5 – 20,1)

    0,15

    18

    21,3 (21,0 – 21,6)

    21,5 (21,0 – 22,0)

    0,45

    19

    21,7 (21,4 – 22,1)

    21,6 (21,0 – 22,2)

    0,71

    21

    22,1 (21,7 – 22,4)

    21,8 (21,1 – 22,4)

    0,46

    Tabell  2

    Prosentvis fordeling på spørsmålet om slanking siste 12 månader blant jentene i Hordalands-kohorten, 14 – 21 år

    Ja, fleire gonger

    Ja, ein gong

    Nei

    Alder (år)

     Tal

     ( %)

     Tal

     (%)

     Tal

     (%)

    14

     53

    (23)

     40

    (17)

     139

    (60)

    15

     66

    (26)

     45

    (18)

     139

    (56)

    16

     68

    (29)

     29

    (13)

     135

    (58)

    18

     68

    (27)

     36

    (14)

     149

    (59)

    19

     57

    (25)

     32

    (14)

     139

    (61)

    21

     64

    (26)

     46

    (18)

     142

    (56)

    Tabell  3

    Gjennomsnittleg kroppsmasseindeks (95 % konfidensintervall) hjå jenter i Hordaland frå 13 til 21 års alder, ut frå slankekategori (n = 211 – 235)¹

    Kroppsmasseindeks/alder (år)

    Ikkje-slankarar

    Av-og-til-slankarar

    Livsstilsslankarar

    13

    17,0 (16,7 – 17,3)

    18,8 (18,4 – 19,3)

    20,0 (19,3 – 20,7)

    15

    19,1 (18,8 – 19,4)

    20,3 (20,0 – 20,7)

    21,4 (20,6 – 22,1)

    18

    20,1 (19,8 – 20,4)

    21,6 (21,1 – 22,1)

    22,9 (21,9 – 23,8)

    21

    20,5 (20,1 – 21,0)

    22,6 (22,1 – 23,1)

    23,8 (22,8 – 24,8)

    I Ung i Norge-undersøkinga svarte 43 % av jentene at dei ofte eller alltid hadde eit sterkt ønske om å vere tynnare, og 23 % av jentene var ofte eller alltid på slankekur (1). Vi reknar med at det er mellom 25 000 og 35 000 personar med anoreksi eller bulimi i aldersgruppa 15 – 25 år i Noreg (2). Tek vi med dei meir uspesifikke eteforstyrringane, reknar vi med at nærare 230 000 kvinner i alderen 15 – 44 år er råka (3).

    Det har vore sett fram ei kontinuitetshypotese om slanking og eteforstyrringar, som inneber at slanking kan utvikle seg til subklinisk og klinisk anoreksi (1). Dersom denne modellen er rett, deler hyppig slanking og eteforstyrringar mange risikofaktorar. Britiske undersøkingar viser at det ser ut til å vere ein sterkare samanheng mellom slanking og bulimi enn mellom slanking og anoreksi (4, 5). Sjølv om 90 % av dei som utviklar eteforstyrringer starta med slanking, er det ikkje grunnlag for å seie at slanking i seg sjølv fører til eteforstyrringar (3). Dei fleste som slankar seg, utviklar ikkje eteforstyrringar.

    For å finne ut av samanhengen mellom slanking og eteforstyrringar treng ein representative prospektive studiar (6). Stabiliteten av slanking er òg interessant som ein indikator for misnøye med eigen kropp. Slanking er no så vanleg blant jenter/kvinner at enkelte omtalar det som «normativ misnøye» (normative discontent) (7). Dei meiner at ein ikkje bør forklare kvifor jenter slankar seg, men kvifor dei ikkje gjer det. Målet med denne artikkelen er å sjå på stabiliteten av slanking blant jenter frå tidlege tenår til ung vaksenalder og å sjå på samanhengen mellom kroppsmasseindeks og slanking.

    Materiale og metodar

    Materiale og metodar

    Grunnlaget for artikkelen er data frå Vaksen i år 2000-undersøkinga, gjennomført av HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen. Undersøkinga er ein tiårig kohortstudie av helsevanar, livsstil og sjølvrapportert helse hjå ungdom. Ho vart starta i 1990 med eit tilfeldig trekt utval av sjuandeklassingar (gjennomsnittsalder 13,3 år). Elevar og foreldre samtykte skriftleg til å vere med. I alt deltok 414 jenter i den første undersøkinga. Tala i denne artikkelen er henta frå jentene som deltok både då dei var 13, 15, 18 og 21 år gamle, men data frå fleire tidspunkt vert presenterte. I alt deltok 253 jenter på desse fire tidspunkta, og dei utgjorde 61 % av jentene som deltok i den første undersøkinga. Utval og metodar er presentert nærare andre stader (8 – 10).

    Resultata kjem frå svaret på følgjande spørsmål: «Har du forsøkt å slanke deg i løpet av det siste året (siste 12 månader)?» Svaralternativa var: 1 = ja, fleire gonger, 2 = ja, ein gong og 3 = nei. Spørsmålet vart stilt då deltakarane var 14, 15, 16, 18, 19 og 21 år. Ei test-retest-undersøking på eit underutval då dei var 14 år gamle, synte ein korrelasjon på 0,90 for dette spørsmålet. Då dei var 13, 14, 15, 18, 19 og 21 år gamle, vart deltakarane spurde om høgd og vekt. Desse spørsmåla hadde ein korrelasjon i test-retest på 0,87 for høgd og 0,84 for vekt blant 14-åringane. Ei ny test-retest-undersøking på eit uavhengig utval 17-åringar synte ein korrelasjon på 0,98 for slanking, 0,99 for høgd og 0,98 for vekt hjå jenter (11).

    Kroppsmasseindeks er rekna ut som tilhøvet mellom vekta i kilo dividert på kvadratet av høgda i meter.

    Vi har nytta einvegs variansanalyse, frekvens- og prosentfordelingar for å skildre materialet. Test-retest vart samanlikna ved hjelp av Pearsons korrelasjonskoeffisient. Samanhengar over tid er undersøkte ved hjelp av parvis t-test. Alle analysane er gjorde med SPSS 9.0.1.

    I einvegs variansanalysar var det ingen skilnad mellom skåre på slankevariabelen (0 – 2) hjå dei som var med i kohorten og dei som ikkje var med. Heller ikkje kroppsmasseindeksen var signifikant ulik mellom jentene i kohorten og dei andre jentene i einvegs variansanalyse (tab 1).

    Resultat

    Resultat

    Det var liten skilnad i andelen slankarar frå år til år, og det var meir vanleg å slanke seg fleire gonger i året enn ein gong (tab 2). Til samanlikning hadde om lag 10 % av gutane slanka seg på dei ulike tidspunkta, og blant dei såg det ut til å vere like vanleg å slanke seg ein gong som fleire gonger (resultat ikkje vist).

    For å finne ut om det var dei same som slanka seg frå år til år vart slankevariabelen dikotomisert. Dei som ikkje slanka seg som 14-åringar, fekk verdien null på skalaen, og dei som slanka seg fekk verdien ein (fig 1). Sidan variabelen er dikotomisert, kan skalaen lesast som ein prosentskala; kvart punkt syner kor mange av dei som (ikkje) slanka seg som 14-åringar som slanka seg på dette tidspunktet. Figur 1 syner såleis at av dei som slanka seg då dei var 14 år, slanka mellom 63 % og 84 % seg ved dei seinare målingane. Frå gruppa av ikkje-slankarar i 14-årsalderen var det 19 – 26 % som slanka seg på seinare tidspunkt.

    Ved å summere slankevariabelen (ikkje dikotomisert) for 15-, 18-, og 21-åringane kom det fram at 36 % av jentene ikkje slanka seg på nokre av desse tidspunkta, 46 % hadde slanka seg av og til desse åra. 18 % hadde slanka seg på alle tidspunkta, og dei oppgav å ha slanka seg fleire gonger i året på minst to av tidspunkta. Desse tre gruppene av jenter, ikkje-, av-og-til- og livsstilsslankarane, skilde seg klårt frå kvarandre også som 14-, 16- og 19-åringar. Ved desse tre tidspunkta var det høvesvis 7 %, 5 % og 5 % av ikkje-slankarane, 46 %, 53 % og 47 % av av-og-til-slankarane og 91 %, 90 % og 88 % av livsstilsslankarane som oppgav at dei hadde slanka seg siste året.

    Tabell 3 syner at gjennomsnittleg kroppsmasseindeks var høgare i gruppa som slanka seg av og til enn blant ikkje-slankarane, og endå høgare blant livsstilsslankarane. Dette endra seg ikkje med alderen. 34 % av livsstilsslankarane hadde ved 13 års alder ein kroppsmasseindeks på eller over 85-percentilen for gruppa som heilskap. For 21-åringane var dette talet 28 %, og då låg 85-percentilen på kroppsmasseindeks lik 25.

    Diskusjon

    Diskusjon

    Omfanget av slanking i kohorten er om lag som i andre norske studiar, sjølv om det er vanskeleg å jamføre på grunn av ulik spørsmålsstilling (1, 12). I denne undersøkinga var prevalensen av slanking svært lik frå år til år. Etter det vi veit er det ikkje tidlegare publisert tal som følgjer omfanget av slanking i ein kohort over så lang tid og med så mange målingar som Vaksen i år 2000-studien gjer. I utvalet vårt ser det ut til at auken i slanking frå born til vaksen kvinne har skjedd før deltakarane fylte 14 år. Slanking blant born og unge er svært sjeldan tilrådeleg ut frå helsesynspunkt, og sjølv hjå overvektige/feite born bør ein ta sikte på stogge vektauken heller enn å vente vektreduksjon (3).

    Ein kan spørje seg kva det gjer med den psykiske helsa og livskvaliteten dersom ein over fleire år går rundt og er misnøgd med kroppen sin. Til vanleg tenkjer ein seg slanking som ein «kur» som går over ein avgrensa periode. Materialet vårt fortel ikkje noko om lengda på kurane eller kor restriktive dei var med omsyn til matinntak og aktivitet. Det synest likevel som om det var ei gruppe jenter med høg kroppsmasseindeks som stadig slanka seg, slik at slankinga vart for ein livsstil å rekne. Det er verdt å merke seg at berre kring 30 % av desse jentene var overvektige ut frå vanlege kriterium. Stadig slanking kan spegle misnøye med eigen kropp, noko som har negativ effekt på sjølvbiletet.

    Sidan kroppsmasseindeksen er aldersavhengig for denne aldersgruppa, finst det ikkje absolutte grenser for overvekt for born og ungdom på same måten som for vaksne. Ein brukar difor percentilar (13). Ein referansepopulasjon vert nytta til å rekne ut percentilane for over- og undervekt. Det finst ingen sams referansepopulasjon, og etter det vi kjenner til, er det heller ikkje publisert norske kroppsmasseindekskurver. Percentilane for overvekt skal tilsvare grenseverdiane for vaksne. Det har vorte vanleg å definere kroppsmasseindeks frå 85- til 95-percentilen for alder som overvekt, og barn med kroppsmasseindeks på 95-percentilen eller høgare for alderen som feite. Vår referansepopulasjon er alle jentene i Vaksen i år 2000-utvalet som på noko tidspunkt har oppgjeve høgd eller vekt.

    Ei tverrsnittsundersøking i Hordaland som vart gjort i tidsrommet medan Vaksen i år 2000-undersøkinga gjekk føre seg, klarte å predikere 50 % av slankeåtferda til jentene som deltok. Det å kjenne seg feitare enn andre og høg skåre på skalaen Weight and Eating Concerns Inventory, som med fem spørsmål måler haldningar til vekt og eting, var dei einaste signifikante prediktorane for jentene (14). I utvalet på 1 117 elevar frå fjerde til og med niande klasse fann dei også at berre åttandeklassingane slanka seg signifikant meir enn fjerde- og femteklassingane. Desse resultata stør opp under vår tanke om at det er andre motiv enn helse som får unge jenter til å slanke seg.

    Det er tidlegare synt at det var større fråfall blant røykarane enn blant ikkje-røykarane i Vaksen i år 2000, medan det ikkje var skilnad i depressiv skåre mellom deltakarar og dei som fall frå (8, 15). Vår fråfallsundersøking syner at det ikkje var skilnad i slankeåtferd eller kroppsmasseindeks mellom deltakarar og dei som fall frå. Ut frå dette meiner vi at utvalet vårt er representativt for jenter frå Hordaland som var 13 år i 1990 når det gjeld slankeåtferd.

    Konklusjon

    Konklusjon

    Slanking er vanleg blant jenter i Hordaland, og omfanget er stabilt i aldersgruppa 14 – 21 år. Slanking i 14-årsalderen predikerte slanking på seinare tidspunkt, og det kan sjå ut som om slankemønsteret var lagt alt før fylte 14 år. Det var mogleg å skilje ut ei gruppe livsstilsslankarar som stadig slanka seg. I denne gruppa var kroppsmasseindeksen høgare, men fleirtalet også i denne gruppa var normalvektige, og hadde såleis ingen helsemessig grunn til eller vinst av slankinga. Både forskarar og folk som driv førebyggjande arbeid bør ta for seg aldersgruppa 10 – 14 år, der slankevanar for fleire år framover truleg vert lagt. Ein implikasjon er at slikt arbeid bør leggje vekt på kostrettleiing og oppmuntring til auka fysisk aktivitet.

    Vaksen i år 2000 vart starta opp og gjennomført av HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen, og vert for tida koordinert av førsteamanuensis Bente Wold.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media