B. Stubhaug svarer:

Bjarte Stubhaug Om forfatteren
Artikkel

Korrespondansespalta blir for liten til å drøfte utførleg dei spørsmåla som Svein Reseland no tar opp: Om antidepressiv er nyttige i depresjonsbehandling i det heile, om antidepressiv minskar talet på suicid, om suicid kan predikerast ved depresjonsdiagnose hos allmennlege, og kva som er avgjerande faktorar ved suicidalåtferd.

Dette er andre og meir omfattande spørsmål enn ”skade” av selektive serotoninreopptakshemmarar (SSRI) og høyrer heime i ein seriøs debatt om depresjonsbehandling og suicidførebygging. Vi kjenner diskusjonen igjen også frå svart-kvitt-striden om antidepressiv, der ein gjerne tar anten-eller-standpunkt.

I det norske medisinske fagmiljøet vil ein finne ulike holdningar til bruk av antidepressiv, inkludert SSRI-preparat. Frå psykiatrisk spesialistmiljø har vi peikt på behovet for grundig utgreiing og diagnostikk før ein tar i bruk psykoaktive medikament. Vi trur det kan vere eit overforbruk av antidepressiv hos pasientar der det ikkje er medisinsk indikasjon, og eit bekymringsfullt underforbruk hos pasientar som ikkje blir diagnostisert til å ha ein alvorleg depresjon. Særleg gjeld dette ved atypiske depresjonar og hos menn.

Nettopp fordi dette gjeld alvorlege og potensielt dødelege sjukdommar, nettopp fordi vi brukar psykotrope medikament som påverkar mentale funksjonar, og nettopp fordi slike medikament kan ha biverknader – slik Reseland rett nok påpeikar, og slik alle legar må ha kunnskap om – må ein bruke all erfaring, all forsking og all kunnskap som er tilgjengeleg i behandling av menneske med psykiske plager og lidingar. Vi trur ikkje at medikamentell behandling er svaret på alle psykiske plager, og vi veit at både allmennlegar og psykiatrar brukar eit vidt spektrum av behandlingsmetodar. Når ein brukar medikament, er det ei sjølvsagt oppgåve for legen å informere grundig om diagnostisk vurdering, om behandlingsalternativ, om risiko ved sjukdom og mulege biverknader ved behandling. Dette vil gjelde ved depresjon, ved diabetes, høgt blodtrykk, kreft og i all medisin.

I den grad målet til Svein Reseland er auka medvit om kompleksitet og problem ved behandling av psykiske lidingar, er vi på line.

Vi håper at slikt auka medvit kan føre til aktive behandlingsval, ikkje til behandlingsvegring. Om behandlinga blir samtaler, medikasjon, ingenting eller begge delar, må vere eit resultat både av profesjonell rådgjeving og pasientens eige val.

Anbefalte artikler