Hinsides grensene for språket

Språkspalten
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    ”. . . thi det var min Bestemmelse at blive Selvmorder.” Med utgangspunkt i desse orda av matematikaren Sophus Lie (som heldigvis ikkje blei det som han hadde bestemt seg for) drøftar Erlend Hem & Raida Ødegaard (1) om ein ikkje burde innføre ordet ”selvmordsforsøker”. Deira konklusjon er at det bør ein.

    Eit spørsmål som naturlegvis ikkje berre er språkleg, men vel først og fremst eksistensielt, er dette: Kva er det som kan få eit mennekse til å ta sitt eige liv, eventuelt til å bli sjølvmordsforsøkar? Enkelt sagt trur eg (som ikkje er nokon ekspert på sjølvmord) at det er to moment som spelar inn: ei botnlaus fortviling og ei ”så kan dei ha det så godt”-haldning. Det første momentet er alvorleg, eksistensielt, det andre er infantilt (psykiatrisk fagkunnskap kan sikkert seie meir om det infantile innslaget her).

    Når det gjeld den botnlause fortvilinga, så har eg opplevd den. Eg tenkte faktisk på å ta livet mitt. Det som redda meg på det opne havet der eg heldt på å søkke, var ei flis som viste seg å vere ein redningsflåte, konkretisert i eit bestemt sitat (2).

    Kva har så dette med språk å gjere? Poenget er den uendelege og ubeskrivelege kjensla av nåde og fred som eg opplevde da han som er Den store legen fekk sleppe til. Med det samme la det seg som eit slør over det heile: Dette er ein stor løyndom som ikkje skal røpas for nokon. Men etter kvart har eg funne det rett å fortelje om dette. Og eg prøver så godt eg kan med vårt fattige, og allikevel uendeleg rike språk.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media