”Impingement”

Otto Inge Molvær Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 11/2001 (1) er anglisismen ”impingement” brukt i omtalen av nyttige skuldertester. Dette kling dårleg i norsk samanheng. ”To impinge” tyder å støyte imot, kollidere med, eller trengje seg inn på. Det vert forklart med at strukturane mellom tuberculum majus og minus på humerus vert pressa opp mot acromion på scapula. Ut frå dette burde inneklemming vere dekkjande. I alle høve burde ”impingement” bli erstatta med ei norsk nemning.

Anbefalte artikler