Akupunktur ved akutt lumbago

Geir Kittang, Anders Bærheim Om forfatterne
Artikkel

Vi takkar for Erik L. Werners interessante kommentarar i Tidsskriftet nr. 14/2001 (1) til artikkelen vår i Tidsskriftet nr. 10/2001 om akupunkturbehandling av akutt lumbago (2). Werner finn det overraskande at vi ikkje har med sjukefråver som effektmål. Vi er einig med han, men dessverre viste dataene våre at mesteparten av sjukmeldingsdagane skuldast eit par langtidssjukmelde pasientar. Dermed ville desse resultata ha mindre overføringsverdi med tanke på andre pasientar. Til saman dreier det seg om 27 sjukmeldingsdagar i akupunkturgruppa og 62 sjukmeldingsdagar i naproksengruppa.

Werner påpeikar med rette at pasientane ikkje vart behandla med antiflogistika aleine. Dei fekk også informasjon, rettleiing, sjukmelding og det som konsultasjonar vanlegvis elles inneheld. I så måte vart det ikkje gjort nokon skilnad mellom dei to gruppene. Resultata våre gjenspeglar dermed behandlingssituasjonen i allmennpraksis.

Når vi først får høve til å reflektere meir over studien, kan det vere spanande å beregne NNT (number needed to treat) for å unngå eitt tilfelle av akutt lumbago. Over 18 månader fann vi 17 residiv som førte til legebesøk i gruppa som fekk akupunkturbehandling, og 43 i gruppa som fekk antiflogistika. Kor mange pasientar som må behandlast med akupunktur for at ein skal unngå eitt tilfelle av akutt lumbago i løpet av eitt år, blir då NNT = 1,6. Dette er ikkje dårleg i førebyggjande samanhang.

Anbefalte artikler