Å vere avvikar i eutanasispørsmål
Mykje av dødshjelpa skjer i privat praksis ved at pasienten sin eigen lege utfører handlinga. Dersom pasienten er så uheldig å ha ein lege som ikkje vil delta eller heller ikkje tilvise, blir pasienten skadelidande. Retten til å reservere seg for legar er klar, men dei diskuterer om det ikkje bør ligge føre ei tilvisingsplikt.
Vi møtte allmennlegen Berthus van Dijk som ikkje var villig til å utføre eutanasi. Van Dijk underviste i palliativ omsorg og arbeidde også ved eit hospice. Han framheva synet på liding i den nederlandske kulturen som det meiningsbærande elementet i arbeidet for eutanasi. Han sa at svært mange legar ser på dette arbeidet med motvilje, men få torer å opponere offentleg fordi å seie nei til eutanasi blir oppfatta som at ein då seier ja til liding.
For vår kollega var utfordringa i dag å gjere behovet for eutanasi lite gjennom god palliativ omsorg. Sjølv hadde han mange gonger opplevd at pasientar som bad om eutanasi gjekk bort frå ønsket når han forklarte at han skulle gjere alt som stod i hans makt for å lindre og støtte. Han opplevde ofte at det var dei pårørande som framsette ønsket, og som nemnt også at mange legar følte det som ei plikt å komme med dette alternativet til pasienten.
På spørsmål om kvifor legeforeninga hadde vore så aktiv i eutanasispørsmålet svarte han at den kalvinistiske tradisjonen stod sterkt i Nederland. Denne bygger på rasjonalitet og effektivitet. Liding blir i denne samanhengen meiningslaus. I Nederland er det også sterk motvilje mot pietistisk kristendom. Palliativ omsorg blir sett på som den kristne måten å døy på, og opposisjon mot kristendommen er eit ja til eutanasi.
Van Dijk stadfesta at mykje av merksemda i eutanasispørsmålet er på prosessuelle spørsmål og ikkje prinsipielle. Han problematiserte kriteriet uuthaldeleg liding fordi det er så avhengig av skjønn, pasienten sitt og legen sitt. Han trekte også fram at fordi så mykje vekt blir lagt på legen si vurdering, fungerer ettersynet av jusen på dette området meir som ein kvasikontroll.