Noreg ikkje lenger i den medisinske eliteserien?

Olav Helge Førde Om forfatteren
Artikkel

Ei alarmerande melding frå Norges forskningsråd i NRK Dagsnytt, om at vi held på å bli ein medisinsk B-nasjon, sjokkerte nasjonen for nokre veker sidan. Bakgrunnen var den sørgjelege statistikken som viser at Sverige investerer tre gonger så mykje og Danmark dobbelt så mykje per innbyggjar i medisinsk forsking som det vi gjer her til lands. Svak forskingsinnsats gjev dårlegare legar og dårlegare pasientbehandling, uttala direktør Geir Stene-Larsen. Same dag lova vår nye helseminister Tore Tønne auka innsats til medisinsk forsking, og Aftenposten gav utspelet frå Stene-Larsen full støtte på leiarplass dagen etter (1).

Det har vore slege alarm om tilhøva i norsk medisinsk forsking tidlegare, utan at det har gjort synderleg inntrykk. Truleg var det stempelet B-nasjon og spådomen om dårlegare pasientbehandling som denne gongen viste seg slagkraftig. Men avkledd retorikken er det all grunn til å sjå nærare på samanhengen mellom vår nasjonale medisinske forsking og kvaliteten av helsetenestene, og kva mekanismar samanhengen verkar gjennom. Diverre eksisterer det lite eller ingen relevant dokumentasjon å stø seg på og knapt nok teoriar for den som ønskjer å gå djupare inn i feltet.

Av det mest relevante tilfanget av publikasjonar innan klinisk medisin produserte dei norske forskingsmiljøa berre 0,8 % i perioden 1981 – 96 (2). Kunnskapen og kunnskapsproduksjonen er internasjonal. Som premissgrunnlag for pasientbehandling, er vår eiga nasjonale kliniske forsking altså av liten tyding. Den eventuelle positive effekten av eiga forsking må difor ha andre kanalar.

Legeforeninga sitt utval for medisinsk forsking slår fast at: ”Uten forskerutdannelse vil man ikke selv kritisk kunne vurdere annen forskning” (3). Denne sanninga er velbrukt og sjølvsagt ikkje utan innhald, men truleg treng den substansiering og oppdatering. For det første er det neppe all slags forskarutdanning som gjev kompetanse til å vurdere dei vitskaplege premissane for klinisk verksemd. I programnotatet for ”Anvendt klinisk forskning” (4) blir det presisert at slik kompetanse først og fremst blir øvd opp gjennom klinisk, pasientnær forsking. Vi nærmar oss då truleg sanninga, men det står også att å spørje om kor langt ein kan komme med å bygge opp kritisk kompetanse gjennom teoretisk metodeopplæring, utan at ein nødvendigvis gjennomfører eiga forsking.

Dernest må vi få informasjonsflaumen med i biletet. Skal vi være ærlege, må vi vedgå at for dei aller fleste medisinske utøvarar er det uråd å halde seg oppdatert ved eiga lesing av litteratur. Ein er heilt avhengig av at status blir vurdert og syntetisert i oversiktsartiklar, teknologivurderingar eller gjennom Cochrane-rørsla. Men også for å kunne forstå og vurdere sekundærforsking krevst det metodekompetanse.

Vegen frå forsking til praksis er ofte lang og vanskeleg (5), såframt den ikkje blir påskunda av kommersielle interesser (6). Men då går det til gjengjeld til tider altfor fort og slett ikkje alltid i tråd med ”kunnskapsbasert medisin”. I det heile er det eit tankekors at det aller meste av pasientnær klinisk forsking, som skal gje premissane til pasientbehandlinga, blir gjennomført i regi av produsentar. Legemiddelindustrien nytta om lag 400 millionar kroner til klinisk forsking i Noreg i 1997 (7). Det er meir enn dobbelt så mykje som heile budsjettet til Området Medisin og helse, og programmet for produsentuavhengig anvendt klinisk forsking på 6 – 8 millionar blir småtteri. Det er eit tankekors at det mindre enn nokon gong er tilfeldig kva som blir sanningar i og premissar for klinisk verksemd.

Barrierane mellom forsking og god praksis er mange, til dømes organisasjon, økonomi, kommersielle interesser og pasientforventningar. I litteraturen er det knapt mogeleg å finne at mangelen på eiga forsking er ei slik barriere. Men fagleg kultur er nemnt, og den bør vere prega av velintegrerte, kritiske, akademiske haldningar. Når norsk medisinsk forsking ser ut til å hamne i attleksa, er det eit faresignal som det er all grunn til å ta på alvor.

Vi er i ferd med å bli ein B-nasjon med omsyn til medisinsk forskning, og det vil ta tid å få snudd den negative trenden. Ei trøyst er det at alle gode krefter, Stortinget, Kirke, utdannings- og forskningsdepartementet, Forskningsrådet og Legeforeninga no har sett alvoret. Når no vår nye helseminister også har sett lyset, er det von.

Anbefalte artikler