Helsetenesta - eit system med eit mangfald av mål

Braut GS Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Artikkelen gjev eit oversyn over måla for helsetenesta i Noreg slik desse er formulerte i sentrale statlege styringsdokument i tidsrommet 1672-1999. Ein modell for analyse av desse måla blir presentert. Metoden er ein historisk inspirert dokumentanalyse.

Omsut for pasienten, oppfatningar om behovet for medisinske tenester i samfunnet og administrative føresegner pregar målsettet gjennom heile tidsrommet. Effektiv utnytting av tilgjengelege ressursar kjem inn som mål mot slutten av perioden. Dei uttrykte måla for den norske helsetenesta er meir retta inn mot helseteneste enn mot helse i seg sjølv.

Analysemodellen nyttar omgrepa miskunn, nytte, orden og profitt for å gruppere dei ulike måla. Om ein legg denne modellen til grunn for analysen, verkar det som om hovudmåla har vore påfallande stabile gjennom heile det studerte tidsrommet, sjølv om nytteomgrepet ser ut til å bli viktigare dei siste tiåra.

Anbefalte artikler