Heimebrent og hillbillykultur: holdningar, hykleri og helse

Redaksjonelt
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Det er hyklerisk og lite fruktbart å sjå drikkevanar i ungdomsgenerasjonen isolert frå atferd,holdningar og kultur i vaksenbefolkninga

    Det er anslått at alkohol kvart år krev mellom 1000 og 2000 norske liv; vel halvparten av ofra dør akutt ved ulykkereller forgiftning, resten av kroniske komplikasjonar (1). Dødsfalla representerer bare toppen av isfjellet når detgjeld helsemessig og sosial problematikk knytta til alkohol. I ei undersøking frå norsk allmennmedisin meinte pasienteni 11% av konsultasjonane at helseplagene kunne ha samanheng med alkohol (2). Ved utprøving av ein modell forkartlegging av alkoholforbruk og ev. intervensjon ved risikabelt høgt nivå, fann norske allmennpraktikarar at om lag14% av pasientane oppgav eit konsum over tiltaksgrensa (3).

    Ein kan med rette spørje etter rasjonalet i våre individuelle og kollektive holdningar og atferd overfor alkohol,samanlikna med kva som er tilfellet overfor andre rusmiddel. Sanninga er at dette har lite med rasjonalitet ågjere.

    På terskelen til eit nytt årtusen blåser det sterke individualistiske og liberalistiske vindar over store delar avverda. Svekking av fråhaldstanken i landet vårt, oppblomstring av vinkultur, så vel som større aksept for bruk avheimebrent, kan alle sjåast som nedslag av slike globale strøymingar. Eit reisebrev frå Australia i dette nummer avTidsskriftet illustrerer klart sambandet mellom totalforbruk og misbruk, og mellom alkohol og andre rusmiddel i eitsamfunn med tradisjonelt liberal alkoholpolitikk, stort konsum og avslappa holdningar til alkohol (4).

    Frå Australia kan spranget synast langt til Alstahaug kommune i vesle Noreg. Jægtvik & Schei si undersøking avrusmiddelbruk blant elevar i vidaregåande skole, der dei særleg har sett på bruken av heimebrent, viser at sprangetkanskje ikkje er så drygt som ein skulle tru (5). Saman med andre norske rapportar siste tiåret teiknar dei eit bileteav ein norsk ungdomskultur med tidleg alkoholdebut, stort og aukande forbruk fram til maksimum i 19-20 års alder, ogein monaleg del storforbrukarar.

    Bruk av heimebrent er utbreidd i landet vårt, om enn med ujamn geografisk fordeling. Ei spørjeundersøking i 1991viste at det totale forbruket av heimebrent i rein alkohol tilsvarte to tredelar av svakvininntaket (6). Aksepten forbruk av heimebrent og produksjon til eige konsum auka klårt frå 1950- til 1990-talet. I delar av landet har produksjonav heimebrent lange tradisjonar, og blir av mange oppfatta som ein del av den lokale kulturen.

    For ungdom som ønskjer å ruse seg - og mange av dei vil faktisk det - er heimebrent eit ideelt middel. Det er billegog (dessverre) lett å få tak på. Det er praktisk og diskret å frakte med seg på ei brusflaske eller to, og det gir raskeffekt.

    Ungdomsfylla kan ikkje betraktast isolert frå sentrale utviklingstrekk i det norske samfunnet dei siste tiåra.Stikkord i denne samanhengen er tilhøve som sentralisering og urbanisering, marginalisering av utsette grupper,forlenga overgangsperiode mellom barndom og vaksenliv; og ikkje minst eit alderssegregert tilvere der generasjonanelever sine parallelle liv. Når ungdommen er ekskludert frå fellesskap i vaksengenerasjonen, oppstår eit alternativtbror- og søsterskap, der rusbruken skjer frikopla frå tradisjonell sosial kontroll. I delar av Bygde-Noreg har detoppstått ungdomsmiljø prega av ein hillbillykultur, med Fritjof i Øyvind Blunck sin skapnad som karikert prototyp.

    Kor er så samfunnsmedisinaren i dette biletet? Sant å seie er han ikkje lett å få auge på. Det er synd, for her erdet behov for tunge helsefaglege premiss til planleggarar og politikarar, både sentralt og ikkje minst lokalt. I lovenheiter det at kommunehelsetenesta skal ha oversikt over helsetilstanden i kommunen og faktorar som kan verke inn pådenne; og skal foreslå helsefremjande og forebyggande tiltak. Går det an å oversjå alkohol og ungdomsfyll i densamanhengen?

    Kristian Hagestad

    Kristian Hagestad (f. 1946) er spesialist i samfunnsmedisin.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media