Pasientfridom og lege-pasient-forholdet

Artikkel
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Sammendrag

    Lege-pasient-forholdet er i ferd med å gjennomgå store endringar. Juridiske pasientrettar synest å vere på veg inn ogsåi det norske helsevesenet. Denne artikkelen kastar lys på nokre av årsakene til den aukande bruken av lovfesta rettarsom trumfkort for pasienten. Ei av fleire forklaringar er redusert tillit til legen og til at det offentlegehelsevesenet er i stand til å møte behovet for helsetenester i befolkninga. Det siste fenomenet kan sjåast på som eitparadoks, ettersom helsetenesta aldri tidlegare har vore i stand til å gjere meir for fleire menneske. Reduksjonen itillit i lege-pasient-forholdet kan dels forklarast ut frå at den høgteknologiske medisinen på mange måtar gjerlege-pasient-forholdet mindre personleg. Synet på helsetenester som vare er også med på å auke behovet for lovfestapasientrettar. Risikokartlegging og tidlegdiagnostikk aukar behovet for helsetenester. Meir helsetenester blir sett påsom eit gode, medan fridomen til ikkje å bli pasient aldri har vore mindre.

    Det gamle, autoritære lege-pasient-forholdet er lite funksjonelt både av medisinske og etiske grunnar. Krava om meirbalanse i lege-pasient-forholdet er såleis legitime og representerer utfordringar til standen om auka vekt på deihumanistiske sidene av medisinen og eiga evne til kommunikasjon. Ei løysing av etiske problem i medisinen ved hjelp avlovfesta rettar kan forsterke ubalansen mellom (ressurs)sterke og -svake pasientgrupper.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media