Legeattest til forsikringsselskap

Redaksjonelt
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Kva slag helseopplysningar kan ein lege gi til eit forsikringsselskap når ein pasient vil teikne forsikring ellernår pasienten har vorte skada og krev erstatning? Kva slag opplysningar har forsikringsselskapa høve til å be om? Korgår grensa mellom den teieplikta ein har som lege og den opplysningsplikta ein har som sakkunnig?

    Legar kan finne nokre retningsliner i dei etiske reglane. I kapitel IV, paragraf 4, heiter det: "En legeerklæringskal gi tilstrekkelig informasjon til å fylle sin hensikt og skal være objektiv og nøytral i sin form. Relevanteopplysninger må ikke forties eller fordreies. Erklæringen skal ikke inneholde informasjon som går utover formålet. Nårmedisinske dokumenter laget for andre formål brukes som vedlegg, skal det i særlig grad tas hensyn til taushetsplikten"(1). Ein skal merke seg at det i alle høve er legen sitt ansvar å vurdere kva slag opplysningar ho kan gi og kva hoikkje kan gi.

    Forsikringsselskapa si verksemd er regulert mellom anna i forsikringsvirksomhetsloven og i forsikringsavtaleloven.Personvernloven skal sikre pasienten sine interesser, dessutan krev no Datatilsynet konsesjon frålivsforsikringsselskapa.

    I tillegg til desse avgrensingane har så vel Helsetilsynet (i brev til Fylkeslegen i Østfold 5.11. 1993) somForbrukarombodet synspunkt på kva som kan krevjast. Legeforeninga har o g vore aktiv. I fleire år har foreningahatt eit samarbeid med forsikringsbransjen for å kome fram til ein høveleg måte å regulere dette feltet på, no sist ieit fagutval som Høverstad og medarbeidarar skriv om i ein artikkel i dette nummeret av Tidsskriftet (2).

    Debatten om helseopplysningar i forsikring er ikkje særnorsk. I Europarådet har ei ekspertgruppe levert eit framleggsom no er til handsaming i rådet, om å regulere bruken av helseopplysningar mellom anna når ein teiknar forsikring(3).

    Det at så mange ulike instansar i lang tid har arbeidd med desse spørsmåla, tyder på at det er sterke interesser somstår mot einannan. Forsikringsselskapa snakkar om "riktig pris", sjølv om alle skjøner at kvar krone selskapet ikkjebetaler i erstatning, er med på å auke overskotet. Det er ofte snakk om store summar - det er ikkje til å undrast overat det vert usemje. Striden står mellom to partar med ulik styrke. Rettane til den svake parten må det vernast om.

    I dei fleste høve er det å teikne ei forsikring ei frivillig sak. Innom visse rammer er det opp til selskapet og densom teiknar forsikring å bli samde om vilkåra. Ved teikning får forsikringsselskapa samtykke til å skaffe seg naudsyntehelseopplysningar. Likevel hender det at dei ber om fleire opplysningar enn det fullmakta frå pasienten gir grunnlagfor. Ved krav om erstatning kan selskapet be om kopi av heile journalen, medan fullmakta gjeld "det som er naudsynt"for å kunne vurdere kravet. Om legen vegrar seg for å kopiere journalen og ber selskapet presisere kva det ønskjer åvite, kan ho oppleve at pasienten sjølv tek kontakt og ber om kopi av journalen, truleg etter påtrykk frå selskapet. Iså fall er det eit åtak på pasienten sin autonomi. Selskapet har styrke til å vente, pasienten er ofte i eit økonomiskuføre og treng ei avgjerd raskt.

    I nokre høve har forsikringa karakter av sosial trygd. Det framlegget som Europarådet handsamer, tek omsyn til det.I slike høve skal det ikkje krevjast helseopplysningar av noko slag. På den andre sida - når det er snakk om særs høgeforsikringssummar, opnar framlegget for omfattande helseundersøkingar, så omfattande at ein i Noreg er skeptisk til åstøtte framlegget slik det no står.

    I Noreg har lov om yrkesskadeforsikring karakter av sosial trygd. Lova dekkjer alle arbeidstakarar, premien vertbetalt av arbeidsgivaren og helseopplysningar vert først henta inn når skaden er skjedd. I slike saker, nårforsikringsselskapa ikkje har nokre helseopplysningar frå før, kan det vere særs vanskeleg å skilje mellom det ein somlege kan opplyse og det ein skal teie om. Legen ønskjer det beste for pasienten, forsikringsselskapa ønskjer det bestefor seg. I rolla som sakkunning vert legen utfordra både når det gjeld kunnskap og når det gjeld etikk.

    Det fagutvalet som Høverstad og medarbeidarar skriv om, slår lakonisk fast at det er ein tillitssvikt mellom leganeog forsikringsnæringa. Utvalet har difor drøfta "en rekke vanskelige avgrensninger mellom leger og forsikringsselskap"og har kome med eit framlegg som Legeforeninga og forsikringsselskapa slutta seg til. Kanskje vil dette vere nok til åfjerne tillitssvikten mellom legane og forsikringsbransjen, men desse spørsmåla er ikkje berre ei sak mellom dessepartane. Mange andre samfunnsinstansar bryr seg, og semje mellom legane og forsikringsselskapa er neppe nok til å fåtilhøva inn i former som alle vil kunne akseptere.

    I 1998 bad familie-, kultur- og administrasjonskomiteen på Stortinget regjeringa om å leggje fram forslag til ei lovfor å regulere forsikringsselskapa sin rett til å samle helseopplysningar før forsikring vert teikna. Dette initiativetkom på bakgrunn av ein debatt på Internett mellom norske legar som hadde sett seg leie på den praksisen som rår.

    Sosialdepartementet har nyleg oppnemnt eit utval, der Legeforeninga er med, som skal vurdere dette og kome medframlegg til lovregulering (4). Dette er nok vegen å gå. Pasientar og forsikringsselskap har så ulike interesser atbruk av helseopplysningar i forsikring må regulerast i lov.

    Håkon Lasse Leira

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media