Kven definerer nyttelaus behandling - pasienten eller legen?

Artikkel
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Sammendrag

    Definisjon av nyttelaus behandling har store medisinske, økonomiske og etiske konsekvensar. I denne artikkelen blir detpeika på at effekt og nytte er to ulike storleikar fordi nyttevurderingar vil ha ein verdikomponent knytt til seg.Derfor er ikkje berre effekten av ei behandling viktig, men også kva ein vil oppnå med intervensjon. Når pasient ogpårørande ber om intervensjon, kan det vere fordi dei ønskjer å oppnå noko anna enn effekt i snever forstand, t.d. atalt må vere prøvd før ein gir opp. Dersom ikkje legar avslår å utføre behandling som fagleg sett er ugrunna, står ein ifare for å underminere profesjonell integritet. Det er nødvendig at legar avklarar både for seg sjølve og overforpasienten når ei behandling ikkje blir tilrådd fordi ho ikkje er dokumentert effektiv og når det ligg personlegeverdivurderingar i tilrådinga. Grunnleggande i denne prosessen er god kommunikasjon og tillit mellom pasient oglege.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media