Kvalitetssikring av ryggkirurgi

Valen B, Rolfsen LC Om forfatterne
Artikkel

Sammendrag


350 pasientar opererte for lumbalt nukleusprolaps, er etterundersøkte etter 2-16 år. Målet var å finne kvalitetsindikatorar som komplikasjons-, residiv- og reoperasjonsfrekvens i tillegg til postoperativ ryggstatus og pasienttilfredsheit. Komplikasjonsfrekvensen var 9,7%. Dei fleste var lette, og ingen var fatale. Vi fann ein kumulativ residivfrekvens på 18% og kumulativ reoperasjonsfrekvens på 12%. Kvinner hadde signifikant betre langtidsresultat enn menn, og psykososiale problem var ein sterk negativ prediktor. 76% var tilfredse med resultatet og 22% utilfredse. 59% hadde postoperativt persisterande, men som regel lette rygg- eller isjiasplager. 23% hadde skifta til lettare arbeid, og 14% hadde fått uføretrygd. Våre resultat samsvarer med det andre har rapportert.

Anbefalte artikler