Aukar syntetisk fyll i puter og dyner risikoen for alvorleg astma?

Artikkel
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Sammendrag

    Artikkelen refererer og kommenterer to publikasjonar om kva fyllet i soveputer og dyner kan ha å seie i høve til astma.Tradisjonelt har pasientane med astma fått råd om å kvitte seg med puter og dyner med fyll av dun og i staden gå overtil syntetisk fyll. I ei nyleg publisert britisk undersøking av barn med alvorlege pustevanskar fann ein toinnemiljøfaktorar som hadde signifikant samanheng med astmaliknande plager. Kjæledyr med pels var ein risikofaktor,medan dunputer hadde ein klar beskyttande effekt samanlikna med puter med syntetisk fyll. Ei undersøking frå NewZealand viste at innhaldet av middallergen var mykje større i puter med syntetisk fyll enn i puter med dun. Det er einsterk statistisk samanheng mellom astma og allergi mot midd. Det er naudsynt med vidare studiar, men dei to artiklanetyder på at ved astma er dun som fyll i puter og dyner betre for helsa enn syntetisk fyll, og at ei forklaring på dettekan vere at syntetiske puter inneheld meir allergen frå husstøvmidd. Resultata illustrerer kor viktig det er atsaneringstiltak og miljøinngrep ved astma og allergi ikkje er baserte berre på tradisjon og skjønn, men på faktiskkunnskap om dei biologiske tilhøva og den medisinske nytteverknaden tiltaka gir.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media