Risikoanalysar - verktøy for å finne det som er sikkert nok?

Redaksjonelt
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Tidsskriftet trykkjer i denne utgåva ein artikkel om risikoanalysar (1). Med radon og lungekreft samt toksoplasmoseog medfødde skadar som døme, syner Per Magnus & Anne Eskild korleis ei risikoanalytisk tilnærming kan vere eit godthjelpemiddel for å få ein etterretteleg systematikk i vurderingar av verknadene av førebyggjande tiltak. Forfattaranehar valt ei metodisk tilnærming som er traust og trygg, og som syner viktige element i den risikoanalytiskeverktøykassa brukt på samfunnsmessige tilhøve. Omgrepa dei nyttar vil vere velkjende for dei som er vane med amerikansknomenklatur på dette området (2, 3).

    For norske lesarar er det grunn til å merke seg at norsk nomenklatur kan vere noko annleis, utan at dette rokkar veddei prinsipielle sidene ved risikoanalytiske tilnærmingar (4).

    Innan teknologiske miljø har bruken av risikoanalytiske metodar hatt ei enorm utvikling dei siste par tiåra. Ikkjeminst har norske fagmiljø vore aktive i utviklinga av fagfeltet (5). Liknande metodar har også lange tradisjonar iøkonomisk teori. Det er difor tankevekkjande at den risikoanalytiske verktøykassa ikkje er betre utnytta i medisinen.Som Magnus & Eskild syner, er tilnærmingar av dette slaget svært så brukbare i førebyggjande helsearbeid.

    Men det bør ikkje vere noko som helst til hinder for at same tenkjemåte og metodar skal kunne nyttast på andresystem i medisinsk verksemd. Det er godt mogeleg å argumentere for at det er så store likskapar, sjølv mellom eineinskild menneskekropp og eit teknologisk system som ein offshoreinstallasjon, at overføring av risikoanalytisk tenkingkan ha verdi (6).

    Risikoanalysar er ikkje først og fremst metodar for forsking, men metodar for å gjere forsvarlege vurderingar avkorleis tilgjengeleg kunnskap skal kunne nyttast for å redusere risiko i eit gitt system, anten systemet er lite ellerstort. Risikoanalysar er forvaltningsmetodikk som skal vere til hjelp med å finne fram til kor (u)sikkert eit systemer. Slike analysar blir difor lagde til grunn for forvaltninga av tryggleiken til dømes i petroleumsverksemda ogskipsfarten (7, 8). Direktoratet for sivilt beredskap oppmodar også til bruk av enkle risikoanalysar ved planleggingaav robuste lokalsamfunn og sivile beredskapstiltak (9). Det er ingen grunn til at medisinen ikkje skal kunne følgjedesse døma ved utviklinga av sine ulike tenestetilbod.

    Kjernepunkta ved risikoanalysar, er å gjere kvalifiserte vurderingar av tryggleik og eksplisitt syne deiføresetnadene som er lagde til grunn for vurderingane. Før eller seinare må likevel nokon ta stilling til kvasom skal sjåast på som sikkert nok. Som Magnus & Eskild peikar på, er dette i grunnen politiske spørsmål.Risikoanalytiske metodar kan vere til hjelp med å syne kor grensa mellom fagleg og politisk skjønn går (10). Grensa motkonsekvensanalysar etter plan- og bygningslova kan framstå som uklår. Den kvantitative vurderinga av risiko i eitdefinert system er gjerne typisk for risikoanalysar.

    Forholdet mellom risikoanalytiske tilnærmingar og kunnskapsbasert medisin er knapt nok drøfta. Svært forenkla kanein seie at risikoanalysar er meir systemretta og multikausalt orienterte enn kunnskapsbasert medisin i sitttradisjonelle konsept (11). Men det bør ikkje vere noko til hinder for å kople desse metodiske tilnærmingane. Data fråCochrane-databasar vil til dømes vere høvelege som inngangsvariablar i ein risikoanalyse. I risikoanalytisk arbeid vildessutan eigne kvantitative og kvalitative røynsler, til dømes frå avviksregistreringssystem, finne sin naturlegeplass.

    Noko av det mest uvante for ein medisinar som skal byrje med risikoanalysar, vil truleg vere sjølve risikoomgrepet.Fordi den epidemiologiske risikohandteringa tradisjonelt sett har vore mono- eller oligokausal, har ein gjerne haldeseg til definisjonar av omgrepet risiko i retning av sannsynlegheit for morbiditet og mortalitet (12). Detteer ikkje høveleg i risikoanalytisk arbeid. I tillegg til sannsynlegheit, vil ein ta omsyn til konsekvensar. Risiko blirdifor uttrykt ved sannsynlegheit for og konsekvensar av uønskja hendingar. Ein annan måte å seie noko av det same på,er at risiko er forventa tapt nytte (6).

    I og med at medisinarar i svært så ulike roller har risikovurderingar, risikohandtering og risikokommunikasjon somprofesjonelle oppgåver, vil det ikkje vere dumt å rote litt i den interessante verktøykassa som teknologane ogmatematikarane har lagt fram for oss. Medisinarar bør gjere seg trygge med ulike former for relevant risikoanalytiskmetodikk, og med dei omgrepa som rår på dette fagområdet.

    Til slutt - eit par moment til ettertanke: Er det frykta for det uvisse, eller ei overdriven tru på at det alltid ermogeleg å finne fram til sikker kunnskap som fram til no har hindra oss i å oppdage denne verktøykassa? Det ervanskeleg å skjøne at det er mangelen på kunnskapar om desse metodane i medisinske fagmiljø som er årsaka til at viikkje alt har 15 års medisinsk risikoanalytisk fagtradisjon å vise til!

    Geir Sverre Braut

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media