Vald i samfunnet

Nessa J Om forfatteren
Artikkel

Vald er eit stort og stigande samfunnsproblem. Det er også eit så stort helseproblem at det bør bli eit satsingsområde for førebyggjande helsearbeid (1). Ikkje minst møtet med flyktningar som har vore utsette for tortur og krigsskader, aktualiserer problemet her til lands (2).

Den mest bestialske valden skjer i land med krig og folkemord. Lagnaden til innbyggjarane i Bosnia og Rwanda er vi blitt kjende med. Men vestleg sivilisasjon er ingen garanti mot vald. USA er det landet i vest der valdsskader er mest utbreidde (3). Og i Noreg er det i 30-årsperioden 1960-90 skjedd ei tidobling av valdelege brotsverk som førde til rettsleg tiltale (1). Om lag 17500 pasientar blei behandla i sjukehus eller legevakt etter valdsskader i 1990 (4). 16% av desse blei innlagde i sjukehus. Valdsskader ramma minst 1220 barn i 1990. Politimelde tilfelle av utuktig omgang med barn er firedobla i perioden 1980-91 (5).

Men ikkje alle undersøkingar viser auke i talet på valdsepisodar (6). Og den auken dei fleste statistikkar viser, treng ikkje vere reell. Ein som har vakse opp som næraste nabo til eit landsens danselokale, veit at det også var mykje vald tidlegare. Den statistiske auken reflekterer nok delvis at valden har flytta frå det private til det offentlege rommet. På den andre sida er dei absolutte tala som statistikken viser, minimumstal, og ein må truleg framleis rekne med betydelege mørketal, spesielt for tilfelle som ikkje medfører varig fysisk skade. Uansett er vald uakseptabelt i eit sivilisert samfunn, og både samfunnsanalyser og helseførebyggjande tiltak må ha som erklært mål å minimalisere problemet.

Valdens etiologi

Valden ytrar seg på mange ulike måtar, frå slåsskamp mellom likesinna til valdtekt og seksuelle overgrep. Og årsakene til valden er mangesidige og komplekse. Dei fleste som prøver seg på forklaringsmodellar, fester seg gjerne ved anten ein politisk eller ein meir individualistisk analyse, der stikkord som rasisme, sosiale skilnader, arbeidsløyse, rusmisbruk, medievald eller maskulinitet og mannsrolle er mest vanlege.

Kvåle refererer studier som tyder på at medievald er relatert til aggressiv åtferd og kriminalitet også når ein tar omsyn til sosioøkonomisk klasse, utdanning og rase (1, 7). Profitt, media og vald heng nøye saman, og Hanne Sofie Greve, norsk representant i FNs krigsforbrytardomstol, hevdar at det blir gjort videoopptak av krigsvald til bruk i valdsvideoar for undergrunnsmarknaden (8).

Det er gamalt nytt at rusmisbruk senkar terskelen for valdshandlingar (9). Auka tilgang på alkohol gir meir vald. Denne type russkade er ein av dei kostnadene det moderne, opne samfunnet løyver seg, ein fridom ein ikkje vil gi slepp på sjølv om skadene rammar tilfeldig. Den same “fridomen” blir schizofrene pasientar offer for. Skal ein tru Retterstøl, er vi langt på veg mot “amerikanske tilstandar”, med schizofrene som plastposemenneske, uteliggjarar, prostituerte, kriminelle og valdelege (5).

Maskulinitet eller farsrolle?

Det er nok også rimeleg å tru at valdsbruk heng saman med generelle normer og verdiar i samfunnet. Auka vald kan uttrykkje at normer og levereglar er under endring, sjølv om det ofte kan vere vanskeleg å få oversikt over i kva retning det går. Det kan vere relevant å analysere valdstendensar i lys av kjønnsroller, familiestruktur og samlivsformer.

Slik sett gir valdsstatistikken eit deprimerande inntrykk av mannekjønnet. Valdsutøving er eit kjønnsspesifikt problem. Gutar og menn mellom 15 og 30 år dominerer valdsbiletet (4). Det er menn som slår - og ofte menn som blir slått. På individplanet er nok vald ei uttrykksform, ein måte å kommunisere på, ein måte å “slå seg til ro” på når ein elles kjem til kort. Eg trur forfattaren Håvard Rem har eit poeng som gjeld generelt når han fortel at han vaks opp i ein kultur kor kvinnene tok monopol på språket, kjenslene og det sosiale: “Jeg er redd for den aggresjon som bryter frem hos menn som er fratatt språket. Grunnen til at jeg ikke har banket opp kona, er at jeg er på høyde med henne verbalt” (10).

Det er nærliggjande å trekkje den slutningen at den moderne valden er eit resultat av tradisjonell maskulinitet. Skal ein tru Jan Brøgger, er den påstanden ein av vår tids mest skjebnesvangre mistydingar (11). Han snur problemstillinga på hovudet, og seier at det høge valdsnivået har samanheng med svekkinga av “den tradisjonelle maskulinitets brennpunkt: farsrollen”. Mens statsministeren vår etterlyser nabokjerringar som kjeftar, er Brøgger sitt poeng at engasjerte fedre i eit nabolag er den sikraste garanti mot valdstendensar. Og når mennene blir fratatt rolla som på den beste måten siviliserer deira maskulinitet, som partnarar i eit fellesskap i barna si interesse, vil valdsnivået auke mest uansett organisasjonsform. Eg trur det på dette området har vakse fram eit klasseskilje der dei mest veloppdragne og velsituerte av oss menn også etter kvart har makta å bli synlege som fedre, mens dei meir vindskeive av mannekjønnet er blitt jaga på dør og ut av nabolaget.

Det siste ordet om valdens etiologi er sjølvsagt ikkje sagt. Både som kvinner og menn må vi nok ta inn over oss det som nokre amerikanske misjonærar rapporterte frå eit krigsområde: Helvete er fritt for djevlar, for dei har alle flytta inn blant oss. Ein torturist er i det alt vesentlege nokså lik oss sjølv, hevdar Hanne Sophie Greve (8). Sidan vi tilhøyrer eit samfunn som byggjer på kristne ideal, kan det vere på sin plass å minne om at den kristne trua og dei kristne symbola får oss til å minnast ein klassisk valdsscene. Kristusmyten handlar mellom anna om tortur og krossfesting. Den handlar om at eit samfunn kan finne høgverdige grunnar for å utøve despotisk vald mot enkeltindivid. Men det handlar og om at ein kan ta vare på sin integritet og sjølvrespekt langt inn i døden.

Det er nok også djupe eksistensielle grunnar til at valden ikkje let seg utrydde.

  • Lie B, Skjeie H. Torturskader - en medisinsk utfordring. Diagnostisering og behandling av Falanga. Tidsskr Nor Lægeforen 1996; 116: 1073-5.
    • Koop EC, Lundberg GD. Violence in America: a public health emergency. Time to bite the bullet back. JAMA 1992; 267: 3075-6.
    • Guldvog B, Thoresen A, Ueland Ø. Ulykke, vold og selvpåført skade. Personskaderapport. Rapport nr. 1. Oslo: Statens institutt for folkehelse, 1992.
    • Retterstøl N. Vold - fra en rettspsykiatrisk vinkel. Tidsskr Nor Lægeforen 1993; 113: 1692.
    • Bovim EK Reiten, Saltvedt I, Lereim I. Mishandling i ekteskap og samboerforhold. Tidsskr Nor Lægeforen 1993; 113: 1695-7.
    • Heath L, Bresolin LB, Rinaldi RC. Effects of media violence on children. A review of the literature. Arch Gen Psychiatry 1989; 46: 376-9.
    • Jørgensen L. Greve av Bosnia. Dagbladet 13.1.1996.
    • Alcohol and violence. Lancet 1990; 336: 1223-4.
    • Henriksen AL. Derfor banker jeg ikke kona. Kvinner og Klær, 1996, nr. 2.
    • Brøgger J. Forsvarstale for mannen. Oslo: Damm, 1995.
  • Anbefalte artikler