Eivind Aakhus, red.
ECT – og andre nevrostimulerende behandlingsmetoder
264 s. Nasjonalt senter for aldring og helse, 2026. Pris NOK 449
ISBN 978-82-8470-020-5
Aakhus har i denne læreboka med seg brukarrepresentantar og nokon av dei fremste forskarane og klinikarane innan elektrokonvulsiv terapi (ECT). Resultatet er eit solid læreverk for målgruppa helsepersonell som jobbar med elektrokonvulsiv terapi og andre som ønsker meir informasjon om metoden.
Det er 17 kapittel, som dekker historia til krampebehandling, korleis og for kven elektrokonvulsiv terapi verkar, praktisk gjennomføring, biverknader, andre nevrostimulerande metodar, jus og etikk, organisering av ein ECT-klinikk, det nasjonale kvalitetsregisteret og til slutt informasjon til pasientar og pårørande.
Temaa er relevante for ein lege i spesialisering som skal gi elektrokonvulsiv terapi, eller ein spesialist som ønsker oppdatering og oppfrisking. Pasientar og pårørande vil også ha nytte av i alle fall somme av kapitla.
Gjennomgangen av forskingsmaterialet er grundig og relevant. Anbefalingane om gjennomføring av elektrokonvulsiv terapi er i stor grad tufta på dei nasjonale retningslinjene frå 2017. Nasjonalt kvalitetsregister for elektrokonvulsiv terapi byrja datainnsamlinga i september 2023, og det er lite med data som er rapportert så langt. Det blir spanande å sjå om og korleis registeret kan bidra til betre praksis.
At det er eigne kapittel om brukarerfaringar og forslag til informasjon som helseperonell kan gi til pasientar og pårørande, er positivt. Lovkapittelet opplever eg som lite klinikknært og uoversiktleg, med mange referansar til ulike lover. Lovendringa som tredde i kraft 1. juni 2026, er omtala, men korleis denne vil gi seg utslag i klinisk praksis, er foreløpig umogleg å seie.
Den etiske refleksjonen hadde blitt styrka om forfattarene hadde drøfta dilemmaer kring alvorleg sjuke pasientar med indikasjon for elektrokonvulsiv terapi som manglar samtykkekompetanse.
Språket er forståeleg, med ordlister som forklarar faguttrykk. Enkelte illustrasjonar, t.d. av elektrodeplassering av EEG-strimlar, og tabellar som blant anna oppsummerer medisinbruk, er med. Desse er opplysande og bidreg til oversikt. Det er også konkrete forslag til prejournal, behandlingsregistrering o.l., som gjer boka praktisk anvendeleg.
Boka ber preg av at det er fleire forfattarar, og det hadde vore positivt om den framstod meir einskapleg og at ein unngjekk repetisjonar. Til dømes blir nokre medisinar omtala i fleire kapitlar. Men samla sett er det eit solid stykke arbeid som vil vere til nytte for mange.