Kommentar

G. Raknes svarer

Guttorm Raknes
Overlege, RELIS Nord-Norge
Interessekonflikt:  Nei

Takk for innspel frå Jan Gunnar Hatlebakk til kronikken om protonpumpehemmere og spiserørskreft (1). Han meiner det ikkje er sannsynleg at PPI aukar risikoen for denne kreftforma.

Hensikten med innlegget mitt var å stille spørsmål ved oppfatninga om at PPI bør brukast fast ved alle tilfelle av Barretts øsofagus eller alvorleg øsofagitt for å førebyggje spiserørskreft. Økologiske registerdata frå Noreg presentert i kronikken tyder altså på at PPI ikkje har bidrege til lågare insidens og dødelegheit på befolkningsnivå, heller tvert imot. Det kan tenkast at det å sette alle med Barretts på PPI, sjølv utan symptom, kan gjere større skade enn nytte.

Hatlebakk peiker heilt rett på at det ikkje finst randomiserte studiar som kan prove at bruk av PPI kan føre til adenokarsinom i spiserøret. Men motsett er dokumentasjonen på førebyggande effekt svak. Hatlebakk viser til at Aspect-studien som ikkje finn at høgare dose PPI gir meir spiserørskreft (2). Som nemnt i kronikken undersøker denne studien effekten av PPI og acetylsalisylsyre i kombinasjon. Om ein ser bort frå ASA kan ikkje denne studien heller ikkje sikkert vise at PPI kan gje mindre spiserørskreft.

Hatlebakk viser også til ein studie frå 2020 basert på svenske data som eit argument mot ein samanheng mellom PPI og spiserørskreft (3). I kronikken min viste eg til ein studie frå same forskargruppe to år seinare, også denne gangen med svenske data, der seponering av langvarig PPI-bruk utan indikasjon var assosiert med 20 % lågare insidens av spiserørskreft samanlikna med å fortsette behandlinga. Holmberg og medarbeidarar konkluderer med at leger bør vurdere å avslutte langvarig, ikkje naudsynt PPI-bruk mellom anna med tanke på faren for spiserørskreft (4).

Korleis kan vi nærme oss ein konklusjon om kva for risiko langvarig PPI utgjer? Kvasieksperimentelle studiedesign basert på kopla data frå legemiddel- og kreftregisteret eller frå dei store folkesetnadsstudiane som Tromsøundersøkelsen eller HUNT kan kanskje vere nyttig i denne samanhengen.

Inntil vi veit meir kan det vere på sin plass å tenke seg om to gonger før ein starter fast PPI dersom førebygging av spiserørskreft er hovudmotivasjonen.

Litteratur:
1) Raknes G. Protonpumpehemmarar mot spiserørskreft – til nytte eller skade? Tidsskr Nor Legeforen 2024: 144; 1191-4. doi: 10.4045/tidsskr.24.0480
2) Jankowski JAZ, de Caestecker J, Love SB et al. Esomeprazole and aspirin in Barrett’s oesophagus: a randomized factorial trial. Lancet 2018; 392: 400-8.
3) Holmberg D, Ness-Jensen E, Mattsson F et al. Endoscopy for gastroesophageal reflux disease and survival in esophageal adenocarcinoma. Int J Cancer 2020; 147: 93-9.
4) Holmberg D, Mattsson F, Xie S et al. Risk of gastric and oesophageal adenocarcinoma following discontinuation of long-term proton-pump inhibitor therapy. J Gastroenterol 2022; 57: 942 – 51

Publisert: 25.02.2025