Kommentar

Sterke ord, svake argument

Trond Aarre
Avdelingssjef
Interessekonflikt:  Nei

Både Johnsen mfl. og Weibell mfl. er rause med karakteristikkar, men gjerrige på fagleg argumentasjon. Eg får høyre at eg er «unyansert», «selektiv», at eg fremjar «misforståelser», «feilslutninger», «selektiv bruk av forskning», at eg «bommer grovt» og no sist er «primært retorisk» og «ignorant». Med dette legg både Johnsen mfl. og Weibell mfl. seg på eit retorisk nivå eg ikkje kan gå inn på, av respekt for meg sjølv og motdebattantane mine.

Hovudargumentet til Weibell mfl. er at punkt 33 i Helsinkideklarasjonen seier at «… a new intervention must be tested against those of the best proven intervention(s)» og hevdar vidare at deklarasjonen «åpner for bruk av placebokontroll kun der det ikke finnes etablert behandling». Det er rett og slett ikkje sant at deklarasjonen omtalar «etablert behandling», noko ein kvar kan stadfeste ved å følgje referansen til Weibell. Eg har, til liks med Folkehelseinstituttet, vist at nevroleptika ved fyrstegongs psykose ikkje er nokon «proven intervention». Helsinkideklarasjonen seier i punkt 33 at «If no proven intervention exists, the use of placebo, or no intervention, is acceptable» (1).

Weibell mfl. argumenterer altså med at vi ikkje kan få dokumentasjon for effekt av nevroleptika ved fyrstegongs psykose fordi nevroleptika er, og vi må tru at det er i kraft av den manglande dokumentasjonen, ein «proven intervention». Eg er mållaus.

Deklarasjonen er elles ikkje meint som ein konserverande strategi som skal hindre medisinske framsteg ved at ein let vere å etterprøve «etablert behandling» som ikkje byggjer på god vitskap. Det ville fordømme pasientane våre til risikable intervensjonar som gjev meir skade enn nytte, slik den medisinske soga er full av triste døme på.

Eg har lagt fram den beste vitskaplege dokumentasjonen eg kunne finne for effekten av nevroleptika ved akutte forverringar av psykoselidingar. Ingen har vist til truverdige data som tilseier andre konklusjonar, og eg går difor ut frå at mine er dei rette. Dette innrømmer vel også Johnsen mfl. delvis når dei skriv at effektstorleiken til nevroleptika er «tilsvarende eller bedre enn dem man finner for andre vanlig brukte legemidler», og viser til ein publikasjon som siterer same kjelde som eg har nytta.

Ein uhilda lesar vil merke seg denne passasjen: «Den kliniske effekten er i mange tilfeller enda tydeligere enn det som kommer frem i meta-analyser. Dette er basert i klinisk erfaring, empiri og mekanistiske studier». Dersom det er slik, kva er grunnen til at Johnsen, Weibell og medarbeidarar konsekvent nektar oss del i dette kunnskapsgrunnlaget? Kan det vere at det rett og slett ikkje finst? Tilgjengeleg litteratur tyder, som eg har vist, på at kontrollerte forsøk viser betre behandlingseffekt enn det ein ser i kvardagslaget.

For min del avsluttar eg no ordskiftet. Eg har aldri hatt som føremål å overtyde Johnsen og Weibell mfl. Min dagsorden var å undersøkje det vitskaplege grunnlaget for Helsedirektoratets nasjonale retningsliner, ikkje å ta deira eller andre retningsliner for god fisk. Kronikken min var mynta på den opplyste ålmenta som fortener å få vite at alt ikkje er så enkelt og klårt som direktoratet, Johnsen og Weibell mfl. framstiller det.

Litteratur:
1. World Medical Association. WHA Declaration of Helsinki – ethical principles for medical research involving human participants. https://www.wma.net/policies-post/wma-declaration-of-helsinki/ Lest 26.6.2025.

Publisert: 27.06.2025