Johnsen mfl. trekk mine konklusjonar i tvil fordi dei strir mot behandlingsretningslinene. Føremålet mitt var å undersøkje det vitskaplege grunnlaget for retningslinene. Saka gjeld ikkje personlege synspunkt, men vitskaplege funn. Av referansar valde eg dei som har størst utsegnskraft – metaanalysar av randomiserte, kontrollerte studiar. Kvifor vil ikkje Johnsen mfl. vise oss studiane som tyder på at eg tek feil?
Vi er samde om at studiar har undersøkt effekten av nevroleptika ved fyrstegangspsykose. Til liks med Folkehelseinstituttet (1) og den nasjonale retningslina som Johnsen sjølv var med på å utarbeide, hevdar eg at forskinga ikkje har tilstrekkeleg kvalitet til å seie noko truverdig om effekten. Som dokumentasjon for påstanden om høge responsratar oppgjer forfattarane kronikken min som referanse. I tillegg viser dei til studien som FHI og Helsedirektoratet meiner ein ikkje kan konkludere ut frå. Dette styrkar ikkje den vitskaplege argumentasjonen.
Me er grunnleggjande usamde om trongen for placebokontrollerte studiar. Eg viser til at også personar som ikkje får nevroleptika, kjem seg. Utan å kontrollere for dette, er kan ein ikkje seie noko sikkert om kva legemidla bidrar med. Forstår ikkje dei seks forfattarane, som alle er tilknytta universitet, grunngjevinga for å gjennomføre randomiserte, placebokontrollerte studiar?
Forfattarane nyttar Helsinkideklarasjonen som argument mot placebokontrollerte studiar ved fyrstegongs psykose. Meiner dei verkeleg at mangelen på kontrollerte studiar gjer nevroleptika til «the best proven treatment»? Dersom ei «etablert behandling» gjer det uetisk med kontrollerte studiar, kan det hindre medisinske framsteg og føre til at skadelege behandlingar blir vidareførte.
Eg stussar på forfattarane sin bruk av den vitskapelege litteraturen. Med omsyn til spørsmålet om bråseponering fører til forverring (slik tre av forfattarane hevdar i min ref. 9), trur dei at ein studie der ein reduserte nevroleptikadosen over 12-18 månader er relevant. Dokumentasjonen for at behandlingseffekten er best tidleg i forløpet, er ikkje frå deira referanse 8, men frå ein naturalistisk studie med 70 deltakarar utan kontrollgruppe publisert i 1993.
Forfattarane skriv at effektstorleiken av nevroleptika er på line med andre legemiddel. Nevroleptika blir ikkje meir effektive av at en del andre legemiddel er like dårlege.
Til sist kjem ei innrømming: om ikkje dokumentasjonen er god, så er det deira «klare oppfatning», i strid med den vitskaplege dokumentasjonen, at midla er meir effektive i klinikken enn i «den sterke effekten som kommer frem ved en fordomsfri gjennomgang av litteraturen». Dette er det motsette av vitskapleg argumentasjon og viser at dette ikkje lenger er snakk om data, men fagideologi. Diverre gløymde dei å vise oss studiane som stadfestar «den sterke effekten». Dermed vert påstanden ståande, til liks med Helsedirektoratet sin nasjonale kliniske retningsline, som uttrykk for ideologi. Eg hadde venta meg meir.
Litteratur:
1) Jardim, PSJ, Borge, TC, Johansen, TB. Effekten av antipsykotika ved førstegangspsykose: en systematisk oversikt. Oslo: Folkehelseinstituttet, 2021.
Meir ideologi enn vitskap