Medisinsk Mållag har runda 50 år

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Bokmålsdominansen i helsetenesta er overveldande, og engelsk språk er på frammarsj. Medisinsk Mållag trengst minst like mykje i dag som i 1972.

    Ivar Aasen teikna av Lars Slettebø.
    Ivar Aasen teikna av Lars Slettebø.

    Mange nynorskingar har slutta å bruka nynorsk i møte med det store bokmålspresset på sjukehusa og i allmennpraksis. Helseinformasjonen til pasientar og til ålmenta er ikkje alltid folkeleg og lett skjøneleg. Tenk berre på dei uleselege og langdryge innkallingsskriva som sjukehusa sender pasientane sine før innlegging. Det finst mange døme på at norske ord og vendingar må vika i møte med latinske og engelske variantar. Kvifor ikkje skriva klaskefot for det som på engelsk heiter drop foot? Og sist, men ikkje minst: For gode målfolk er det uråd å få døy i fred på nynorsk sidan den elektroniske dødsmeldinga berre finst på bokmål.

    Målmedvitne lækjarar

    Målmedvitne lækjarar

    I 1886, altså på Ivar Aasens tid, var det ei gryande interesse for landsmål i medisinsk fagspråk. Då vart heftet Anatomiske termini fra det norske landsmål publisert i Kristiania, som eit tillegg til Norsk Magazin for Lægevidenskaben (1). Som det heiter i føreordet: «Mange vil efter gjennemlæsningen af dette lille hefte vistnok ligesom forfatteren forbauses over landsmålets uanede rigdom på dette område og det omfang af anatomisk viden, som derved gir sig tilkjende.»

    Det var denne språklege rikdomen dei tidlegaste medisinske målstrevarane ville syna fram og ta i bruk. Først ved å danna Medisinarmållaget Eir i 1934 for «fagleg arbeid og kameratsleg samvære» (2). Laget gav ut Norsk Medicinsk Ordliste i 1939 (2) og Rettleiing i journalskriving i 1956 (3).

    Seinare vart målstrevet revitalisert gjennom Medisinsk Mållag, som vart skipa i 1972. Laget er ope for «alle som arbeider og studerer i det norske helsestellet» (4). Laget skal arbeida for å utvikla godt nynorsk medisinsk fagmål og sjå til at nynorsken får sitt rette rom i helseinstitusjonar av alle slag. I dag har laget rundt hundre medlemer.

    For gode målfolk er det uråd å få døy i fred på nynorsk sidan den elektroniske dødsmeldinga berre finst på bokmål

    Den mest profilerte av medlemene i Medisinsk Mållag har utan tvil vore Einfrid Perstølen (1917–2017). Sjølv kalla ho seg «den pågåande masekoppen». Ho var med på å skipa laget og var ei drivkraft bak utgjevinga av boka Medisinsk journalskriving: rettleiing og journaldøme nokre år seinare (5). Perstølen bidrog også til å få i gang arbeidet med Norsk medisinsk ordbok, som Audun Øyri (1926–2002) gav ut i 1988. Ordboka har førebels kome i ni utgåver, den siste i 2011 med Geir Sverre Braut og Dag Kristian Ellingsen som redaktørar (6).

    Tidlegare berre latin og tysk, no berre engelsk

    Tidlegare berre latin og tysk, no berre engelsk

    Den første medisinske disputasen i Noreg, i 1817, føregjekk på latin (7). Frederik Holst måtte gjennom ein dryg disputas høyra kommentarar frå heile 13 opponentar med ujamne latinkunnskapar. Seinare var tysk det dominerande publiseringsspråket for medisinarar, men etter dei to verdskrigane har engelsk dominert i stendig aukande grad.

    I dag blir dei aller fleste medisinske doktoravhandlingar her i landet skrivne på engelsk. Frå 2019 har Universitetet i Oslo tvinga gjennom at også disputasen skal vera på engelsk (8). Planane til universitetet om ein vitskapsby på Blindern med namnet Oslo Science City viser at eit pompøst språk ispedd engelsk grip om seg her i landet, og at Universitetet i Oslo i liten grad forstår den språklege delen av samfunnsansvaret sitt (9).

    Norske medisinarar må sjølvsagt delta i ordskifte med internasjonale fagfolk for å få vurdert eigne fagartiklar og for å henta inn ny informasjon. Men samstundes må me kjenna medansvar for vedlikehald og utvikling av medisinsk kunnskap og norsk språk i Noreg.

    Engelsken er blitt så dominerande i sjukehuskvardagen at me knapt ser skogen for berre tre. Bli med på nettmøte heiter i dag Join our Journal Club for a scheduled Zoom meeting. Det som bør forbetrast, får karakteren Room for improvement!

    Medisinsk Mållag trengst

    Medisinsk Mållag trengst

    Som helsepersonell lever me i eit språkleg spenningsfelt mellom folkeleg og fagleg målbruk. Me treng å forstå kva pasientane våre seier på sitt eige mål. Samstundes må me utvikla eit fagspråk for å omtala sjukdomar og behandlingar så presist som mogeleg. Difor må me ha oppfatningar om kva som er godt og presist språk, både i samtale mellom kollegaer og i møte med pasientane våre. Me bør også gjera vårt for å jekka ned den helseadministrative svadaen som har plaga oss dei siste 20 åra. Den nye språklova, gjeldande frå 2022, er full av gode intensjonar, men venteleg altfor veik.

    Medisinsk Mållag trengst minst like mykje i dag som for 50 år sidan, helst med like stor gjennomslagskraft som den gongen helsedirektør Torbjørn Mork (1928–92) sa: «Dette må vi ordne straks, ellers kommer Einfrid og tar oss!»

    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media