Kommentar

Språkspalten - om norsk

Kristin Hestmann Vinjerui
Lege. Postdoktor ved Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie, NTNU.
Interessekonflikt:  Nei

Språk og kommunikasjon er ein sentral del i utføringa av legeyrket og eg fylgjer Språkspalten i Tidsskriftet med interesse. Eg set mellom anna pris på å få auka innsikt i opphav og historie til ulike omgrep og eg verdset forsøk på å etablere gode norske omgrep for ulike medisinske ord og uttrykk, som nyleg ibuande kapasitet for engelske intrinsic capacity [1].

Språkspalten klassifiserast som debattstoff i Tidsskriftet [2] og blir vurdert av redaksjonen, oftast utan fagfellevurdering [3]. Eg har derfor ei forventning om at redaksjonen i Tidsskriftet og forfattarar i Språkspalten er over snittet engasjert i språk og er medvetne om meining, nyansar og makt, som kan ligge i ulike ordval.

Eg undra meg derfor i denne artikkelen over setninga: «Betegnelsen innsendt manuskript anbefales på både norsk og nynorsk (5)». Vel, undra meg. Eg må innrømme at det fyrste eg kjente var kvalme. Det sprang fram minner om latterleggjering av eige mål og språkform, forseinka utdeling av eksamensoppgåver i rett språkdrakt, HR-portal der det ikkje er mogleg å velge ønskt målform m.m. Den raskaste tanken blir at redaksjonen og/eller forfattar underkjenner mitt skriftspråk som norsk. Eg slår denne tanken raskt ned, då eg er viss på at både redaksjon og forfattar, alle høgt utdanna, er godt kjent med at nynorsk er eit fullverdig og likestilt skriftspråk til bokmål [4].

Så, kva gjer eg? Eg sjekker referansen. Universitetet i Bergen sin termportal skildrar relaterte og tilrådde omgrep for innsendt manuskript for bokmål, nynorsk og engelsk [5]. Dersom det er ønskeleg å generalisere frå denne referansen, er norsk dekkande. Dersom ein ønsker eit detaljnivå likt referansen, vil det vera naudsynt å nemne skriftspråka som bokmål og nynorsk.

Årsaka til at setninga står som ho gjer, er ukjend for meg og eg ønsker eit svar frå redaksjonen eller forfattar. Er setninga ein glipp i språkleg omarbeiding av teksta eller har forfattar og/eller redaksjonen med eller utan medvit avskrive nynorsk som norsk?

Eg ønsker med denne kommentaren å minne om kor lett avsendar og mottakar kan ha ulik oppleving av innhaldet i tekst og tale, samt kaste lys på kor viktig språk er som identitetsmarkør, og at opplevingar lik mine, gjer at det er gode grunnar for at språk nemnast spesifikt i likestillings- og diskrimineringsloven [6].

Litteratur
1 Ranhoff AH, Strand BH, Hem E. Iboende kapasitet. Tidsskr Nor Legeforen 2022; 142. doi: 10.4045/tidsskr.22.0241
2 Tidsskrift for Den norske legeforening. Språkspalten. https://tidsskriftet.no/annet/sprakspalten Lest 29.7.2022.
3 Tidsskrift for Den norske legeforening. Om Tidsskriftet. https://tidsskriftet.no/annet/om-tidsskriftet Lest 29.7.2022.
4 Språkrådet. Norsk. Språkrådet. http://www.sprakradet.no/Spraka-vare/Spraka-i-Norden/Norsk/ Lest 29.7.2022.
5 innsendt manuskript – Termportalen. https://wiki.terminologi.no/index.php?title=UHR:Innsendt_manuskript Lest 29.7.2022.
6 Lovdata. Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven). https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2017-06-16-51 Lest 29.7.2022.

Published: 01.08.2022
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media