Ole Andreas Jøssang

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Vår kjære venn og kollega, allmennlege, samfunnsmedisinar og psykiater Ole Andreas Jøssang døydde stille og fredeleg 70 år gamal 2. desember 2021.

    Ole hadde ein utradisjonell bakgrunn. Med misjonærforeldre frå Ryfylke vart han fødd i Japan, der han vaks opp og budde til han var 14 år. Dei fyrste åra var gode. Han budde med foreldra, hadde japanske leikekameratar og lærte seg japansk. Men frå og med andre klasse opplevde han det som vart mange misjonærbarn sin skjebne. Han vart skilt frå foreldra og måtte bu på internatskule. Det var sjeldan heimreiser, og lite kontakt med foreldra. Som han sjølv var inne på seinare i livet, opplevde han nok det som etter vår tids standard blir vurdert som omsorgssvikt. Den erfaringa tok han med seg seinare i livet då han saman med prestekone Torunn jobba i eit team ved Institutt for sjelesorg på Modum for å bistå misjonærar og nødhjelpsarbeidarar i utlandet.

    Han tok eksamen ved vidaregåande skule i Stavanger i 1971, vart cand.med. i Trondheim i 1979, gifta seg med Torunn i 1973, fekk to barn, Andreas og Ingjerd, og landa på Rennesøy, der dei bygde hus og budde i mest 20 år. Som kommunelege og helsesjef i Rennesøy fekk Ole bruk for alle dei kreative og sosiale evnene sine. Han blomstra i arbeidet med medarbeidarar på legekontoret, på legevaktbåten og i Ryfylke legegruppe. Men det var også svært krevjande å vere til dels åleine i ein øykommune, og med omfattande tillitsverv, som han gjerne tok på seg, å forvalte. Han hadde mange evner. Men evna til å setje grenser for seg sjølv, var kanskje ikkje den som var best utvikla.

    Som psykiater kom han i sitt rette element. Han stortreivst i jobben ved Stavanger universitetssjukehus og både ville mykje og fekk til mykje for pasientane sine. Han var engasjert som rettleiar for både studentar, turnuslegar og kollegaar, og mange er takksame for hjelpa og støtta dei har fått av Ole. Han var opptatt av grenselandet mellom psykoterapi og sjelesorg, og den siste tida djupt involvert i å etablere eit eksistensielt samtalesenter i bispebustaden på Eiganes i Stavanger.

    Ole hadde ei kreativ åre som gav seg mange utslag, som å lage snåle, japanske matrettar til vennene (ja, det var godt om ein våga smake), bygge på båtar og mekke bil saman med sonen, eller gi gode råd om livet generelt eller medisinen spesielt som mentor for legedottera. Etter kvart var det dei fire barnebarna som kunne få mest ut av bestefar som den store historieforteljar.

    Han fekk stamcellebehandling for kreftsjukdomen i 2012, og fekk fleire gode år etter det. Men diverre innhenta sjukdomen han den siste tida. Han klaga ikkje. Men kreftene forsvann, trass i ein livsvilje han hadde heilt til det siste.

    Alle vennene vil hugse Ole lenge, og me ønsker Torunn, Andreas og Ingjerd med familiar alt vel framover.

    Kommentarer  ( 0 )
    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler