Ei etterlengta oppslagsbok

Knut Asbjørn Ulstein Om forfatteren
Artikkel

Anne-Grethe Urnes, red.

Den interaktive hjernen hos barn og unge

Forståing og tiltak ved nevroutviklingsforstyrrelser og nevropsykiatriske tilstander. 394 s. Oslo: Gyldendal, 2018. Pris NOK 519

ISBN 978-82-05-51093-7

Boka er ifølge forlaget egna som lærebok for fleire utdanningar, frå medisin og psykologi til pedagogikk og miljøterapi. Fleire erfarne forfattarar knytta til ulike fagmiljø og profesjonar har bidratt i boka.

Boka er bygd opp av to hovuddeler, ein generell og ein klinisk del, med 33 enkeltkapittel som femner om dei fleste synsvinklar på barn og unges utvikling. Vi får oppdatert kunnskap om hjernen sin oppbygning og plastisitet, oppsummering av utredningsmetoder og behandlingsformer. Siste 200 sider er sette av til eit vidt spekter av kliniske diagnosar, som cerebral parese, adhd, rusmiddelavhenge, lærevanskar, traume og dissosiative tilstandar. Innhaldsoversikta er på 14 sider og bidrar til at boka fungerer som eit oppslagsverk.

Noko av det som gjer boka til meir enn ei samling oppdaterte artiklar, er den pedagogiske måten alle forfattarane, og ikkje minst Urnes sjølv, bruker ny og kompleks kunnskap i ein klinisk kontekst (som elles ofte er prega av forenkla diagnostiske kategoriar, som adhd eller moderat depresjon). Eit døme er boka si framstilling av sosial kognisjon, ei evne som ikkje berre er ein dikotom variabel i autismeutredninga, men eit resultat av eit komplekst samspel mellom medfødde og oppøvde evner, kjensler og erfaringar. Eg set også pris på at den viktige biopsykososiale modellen får vere eit bakteppe utan å prege tekstane med stadige gjentakingar.

Boka gir meir nyanserte synsvinklar for å forstå barns utviklingsvanskar, der både «hjarte og hjerne», tilknyting og nevrogenetikk tas med i vurderingane. Dette gir større høve for å støtte det enkelte barns unike utvikling i omsorg, skulegang, medisinsk behandling og psykoterapi utover diagnosekategoriar og pakkeforløp.

Om det er noko å utsette på boka? Eg sakner eit eige kapittel om personlegdomsutvikling hos barn og unge og eit om bipolar og andre affektive lidingar, der eg opplever at ny kunnskap frå nevroforskinga ikkje har nådd min kliniske kvardag.

Takk for ei tettpakka, men oversiktleg og etterlengta oppslagsbok med «alt» det nyaste innan nevroutvikling og nevropsykiatri. Anbefalt for alle legar innan barne- og ungdomspsykiatri og barnehabilitering!

Anbefalte artikler