Se artikkelen og kommentarene

Ei rolle for allmennpraktikaren i prehospital slagdiagnostikk?

Kommentar
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Kashif Waqar Faiz og medarbeidarar har skrive ein viktig artikkel om hjerneslag og hjerneslagimitatorar (1). Dei set søkeljos på at behovet for rask sjukehusinnlegging ved mistanke om slag, nødvendigvis vil føra til eit høgt tal tilfelle der pasienten viser seg ikkje å ha slag. Dei refererer studier som fann at mellom 20 og 40 % av pasientar innlagt mistenkt for hjerneslag, viste seg å ha andre tilstandar, og i ein norsk studie fann forfattarane at av 313 tilfelle triagert som slagmistenkte ved telefonmottak i ein AMK-sentral, hadde berre 143 slag (2). Dette medfører ein høg ressursbruk på pasientar som ikkje hadde hatt bruk for det. Faiz og medarbeidarar konstaterer at noverande prehospitale avgjerdsalgoritmar ikkje er pålitelege nok til å sortera vekk hjerneslagimitator-pasientar før innlegging. Dei vurderer muligheten for å få til ein vesentleg auke av kapasiteten for MR-undersøking i akuttfasen ved mottaket på sjukehuset, som raskt kan identifisera dei pasientane som ikkje har hjerneslag.

    Det som blir undervurdert, er den rolla som den allmennpraktiserande legen, legevaktlege eller fastlege, kan spela i diagnostiseringa. Diagnostiske algoritmar (skåringssystem) er først og fremst til nytte for AMK-operatørar og ambulansepersonell. Legen har derimot ein brei diagnostisk kompetanse både gjennom teori og gjennom å ha sett ein stor mengde pasientar. Den hyppigaste imitatortilstanden er svimmelheit (1). Neppe nokon annan medisinsk spesialitet har større kompetanse på å skilja ut svimmelhetstilstandar enn allmennpraktikarane. Å skilja alvorleg tilstand frå mindre alvorleg og ikkje-alvorleg utgjer hovuddelen av allmennpraktikaren sin arbeidsdag.

    Ei vanleg innvending mot å tillegga allmennlegen ei rolle i prehospital slagdiagnostikk er at det kan forseinka innlegging og start av effektiv behandling. Allmennpraktikarleddet skal ikkje føra til forseinking. Dette betyr at legevaktlege eller fastlege må vera like raskt ute hos den hjerneslagmistenkte, som det ambulansetenesta er. Det synest å vera lite tru i spesialisthelsetenesta på at dette kan oppnåast. Men her meiner eg ein må sjå nærare på den endringa som er på gong. Utgreiinga frå Akuttutvalet i 2015 framhevar behovet for ein vesentleg auke av legeutrykking (3), og i Akuttforskrifta av 2015 er legevakt si utrykkingsplikt ved akutte tilstandar spesifisert (4) .

    Helsedirektoratet har under arbeid ein nasjonal rettleiar for legevaktene i landet, og her er det å venta at legevaktene sine oppgåver med utrykking blir konkretiserte. Tal frå AMK Helse Bergen viser at i landkommunane rundt Bergen rykker allmennlege ut ved meir enn to tredjedelar av AMK-sendt raud respons (Lars Myrmel, AMK Bergen, personleg melding). Ved dei tilfella der dei innmeldte symptoma sterkt indikerer at pasienten har hjerneslag, er legen sin medverknad ikkje nødvendig. Ved dei tilfella der hjerneslag er mindre opplagt, men mogeleg, kan legen ha ei vesentleg rolle i å sortera ut dei tilfelle som klinisk ikkje er slag.

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media