Jens-Christian Eriksson

Artikkel

Foto: Magne Sandnes

– Det blir ein vane! seier Jens-Christian Eriksson, øyre-nase-hals-spesialist, ph.d., om å sykle til jobb i Bergen. Han har sykla Birken åtte gongar, men skal ikkje delta i år fordi det krasjar med eit audiologiseminar Legeforeininga arrangerer på Svalbard. I Bergen let han sykkelen stå når det er djup snø, men elles er den i bruk heile året. Den gode sykkelen står innelåst heime og ventar på å bli brukt i Grenserittet seinare i år. Pendlarsykkelen står parkert på Torgallmenningen om dagen og er den tredje i rekka, så lenge det varer.

Anbefalte artikler