Katinka Nordheim Alme

Artikkel

Foto: Magne Sandnes

– Eg var omgitt av musikkinstrument i oppveksten, seier Katinka Nordheim Alme, der ho sit omringa av alt frå banjoar til trommer i musikkrommet sitt i Bergen. Til vanleg er Alme lege i spesialisering i geriatri på Haraldsplass Diakonale Sykehus og ph.d.-kandidat.

– Det er eit stort musikkmiljø på Haraldsplass, og eg er ein av heile fire kontrabassistar.

Kollegiet syng i kor og spelar i eit event-jazzband saman. På fritida spelar Alme i storband og ho har gitt ut plate med garasjerockbandet The Fall Aparts.

Anbefalte artikler