()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Innlegget var rørande (1). Ovafor den døyande pasienten gjorde legen ein god jobb. Med all respekt for pasienten, dei pårørande og legen kjenner eg meg likevel forplikta til å nemna dette:

    Denne pasienten har i sitt vaksne liv lidd av fortapingsangst. Årsaka var utan tvil førestellinga om at ein før det var for seint måtte velja mellom å overgje eg til Kristus, eller å gå fortapt. Det artikkelforfattaren ikkje finn verd å nemna er at den same religionsutøvinga som tidleg i livet hennar skapte denne angsten, i neste omgang kunne få æra for å ha fjerna han.

    Denne sirkelen er eit døme på korleis nokre kristne forkynnarar og andre føresette skaffar seg makt over unge sjeler. I forsvarslaus barndom vert dei først innpoda skuldkjensle og fortapingsangst. Dernest vert dei med tilvising til same religiøse autoritet tilbydd probat boteråd – in casu tilgjeving – for å fjerna ein angst som den religiøse indoktrineringa sjølv har nedfelt i barnesinnet.

    Det var bra at legen kunne vera til hjelp, og fortent og rørande at han fekk klem før han gjekk heim til tindrande barneauge. Att står likevel dette: Denne pasienten har som barn vore utsett for eit alvorleg overgrep. Dei som kunne trengja tilgjeving var ikkje pasienten, men dei vaksne som var skuldige i misferda.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media