Forvitneleg om bakteriofagar

Eirik Holten Om forfatteren

Rohwer, Forest

Youle, Merry

Maughan, Heather

Life in our phage world

A centennial field guide to the earth’s most diverse inhabitants. 404 s, tab, ill. San Diego, CA: Wholon, 2014. USD 83

ISBN 978-0-9904943-0-0

Alle som har arbeidt ved eit mikrobiologisk laboratorium har sett at det av og til ser ut som om ei mus har vore borte og teke ein liten bit av kanten på bakteriekoloniane, eller at tett vekst på ei resistensskål ser ut som om det har gått møll i den. Fenomenet vart observert av Frederick W. Twort (1877 – 1950) i 1915, og, uavhengig av han, av Félix d’Hérelle (1873 – 1949) i 1917. Dei meinte begge at det kunne vere eit virus som var årsaken, og d’Hérelle fann på nemninga bakteriofag.

Inspirert av «hundreårsjubileet» har Forest Rohwer og medarbeidarar oppsummert mykje av det vi i dag veit om bakteriofagar, i Life in our phage world, og det er ikkje lite. Og samstundes er det så uendeleg mykje vi ikkje veit om dei.

Dette er inga lærebok. Det er ei forvitneleg oversikt over bakteriofagar: kva dei er, kva dei gjer, kvar dei lever, korleis dei lever. Visste du at det i ein milliliter sjøvatn er like mange fagpartiklar som det er innbyggjarar i Rio de Janeiro? At det er 1031 fagpartiklar på jorda (ti bakteriofagar for kvar bakterie), og dersom ein legg dei side ved side, rekk dei 42 millionar lysår ut i rommet?

Forfattarane tek for seg mangfaldet hjå desse småkrypa: korleis dei samspelar med bakteriar, Archaea og Protista. Dei finst overalt, «der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dei har utvikla mange fascinerande strategiar for å feste seg til og smyge seg inn i vertsorganismen. Dei kan drepe han, eller dei kan slå seg til ro der inne, tilføre nye eigenskapar, og dra med seg genmateriale frå verten til neste offer, og på den måten fungere som ein gedigen genbank.

30 ulike bakteriofagar er gjennomgått nokså detaljert: fysiske karakteristika, genkart, korleis dei infiserar offera sine, og replikering. Dei ulike forfattarane, åtte i talet, skriv relativt lettlese og, ikkje minst, humørfylt. Det er ikkje til å unngå at det vert litt repetisjon her og der, men det er til å leve med. Boka er gjennomillustrert med teikningar av fagpartiklane (gode teikningar, ikkje ullen elektronmikroskopi) og meir kunstnarleg framstilling av infeksjon og replikering. Det siste er nok mindre vellukka – ein kunne ynskje seg at det var litt meir distinkt og litt mindre kunst.

Boka er eit funn for alle med interesse for biologi, ikkje berre for mikrobiologar. Den kostar 60 britiske pund hjå Amazon, men kan lastast ned gratis frå http://coralandphage.org/. Men med 323 Mb lyt du vere tolmodig. Dessutan: ei bok i handa er betre enn 323 Mb på skjermen!

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler