Kommentar

RE: Best som muntlig fortelling

Rune Johan Krumsvik
Universitetet i Bergen
Interessekonflikt:  Nei

Eg vart nyleg merksam på at førsteamanuensis May-Lill Johansen har ei bokmelding av boka mi «Forskingsdesign og kvalitativ metode» i Tidsskriftet nr. 18 2014, og eg synes det er prisverdig at ho både har teke seg tid til å lese boka og skrive denne bokmeldinga (1). Samstundes overser ho ei viktig side ved boka; fokuset på koherensen mellom ontologi, epistemologi, metodologi og metode i kvalitativ forsking. Ontologien si rolle i metodesamanheng er også fråverande i metodeartikkelen som Johansen tilrår lesarane og der forfattarane uttrykkjer at: «We have excluded ontology from this framework» (2).

Sidan mi bok legg vekt på det emiske og induktive i kvalitativ forsking, er det eit poeng å løfte fram dei metodiske fallgruvene ein kan hamne i om ein blandar saman subjektontologi og objektontologi. Eit døme på dette fekk sosiologen Renee Fox erfare i høve sin artikkel i Science, «Medical scientists in a châteu» (3). Dei kvalitative funna hennar om problematiske strukturar rundt finansiering av medisinsk forsking skapte i si tid rabalder blant forskarar i Belgia. Dei meinte at funna hennar ikkje var vitskapleg pålitelege då artikkelen hennar ikkje nytta statistikk i det heile teke (4). Munnhellet at «når alt du har, er ein hammar, ser alle problem ut som spikrar» (5) fangar opp noko av denne subjektontologiske kritikken som Fox opplevde frå forskarar med eit objektontologisk grunnsyn.

Seinare har til dømes «paradigmekrigane» innan utdanningsforsking (6) nett vore tufta på at kunnskapssyn forankra i ein objektontologi har vorte nytta på openbare subjektontologiske forskingsfenomen. Metodeboka ønskjer difor å kome eit steg vidare ved å gjere ontologiske forhold meir eksplisitt i kvalitative forskingsdesignar sjølv om dette både er komplekst og utfordrande. Men kva inneber så dette meir konkret? For å nytte eit døme frå Johansen sitt eige fagfelt kan ein med utgangspunkt i filosofen John Searle (7) hevde at den medisinske diagnosen skiveprolaps (diskusprolaps) er eit objektivt medisinsk faktum og kan knytast til objektontologi. Men ser ein spesifikt på smerten ryggpasienten opplever kan dette knytast til ein subjektontologi, då dette berre er erfart av personen som har denne skiveprolapsen. Med andre ord; «ikkje alt som tel kan teljast» og dette vil i neste omgang legge premissane for det reint epistemologiske og forskingsspørsmåla i ein forskingsdesign som skal studere skiveprolaps - anten kvantitativt eller kvalitativt.

Utan ein bevisstheit rundt korleis distinksjonen mellom subjekt- og objektontologi legg premissane for vårt kunnskapssyn, kan ein stå i fare for å måle noko anna enn det ein strengt teke er i stand til å måle. Og som Ekeland seier det: «Slike feil kan ikkje avslørast ved enkel empirisk testing, sidan feila sjølve styrer kva empiri som skal gjelde» (8). Det blir det sjeldan god forsking av - anten ein er student eller røynd forskar.

Litteratur

1. Johansen M. Best som muntlig fortelling. Tidsskr Nor Legeforen 2014; 134:1772

2. Carter S.M., Little M. (2007). Justifying knowledge, justifying method, taking action: epistemologies, methodologies, and methods in qualitative research. Qual Health Res 17: 1316 - 28.

3. Fox, R. (1962). Medical Scientists in a Château. Science, 3515(136), 476-483.

4. Fox, R. (1964). An American sociologist in the land of Belgian medical research. In P. E. Hammond (Ed.), Sociologists at work: The craft of social research (pp. 399-452). Garden City, NY: Doubleday.

5. Kaplan, A. (1964). The Conduct of Inquiry: Methodology for Behavioral Science. San Francisco: Chandler Publishing.

6. Gage, N. (1989). The paradigm wars and their aftermath: A “historical" sketch of research and teaching since 1989. Educational Researcher, 18, 4-10.

7. Searle, J. (1997). The Mystery of Consciousness. New York: The New York review of books

8. Ekeland, T.J. (2014). Frå objekt til subjekt - og tilbake? - Om tilhøvet mellom kunnskap, praksis og styring. Tidsskrift for psykisk helsearbeid, 3(11), 211-220.

Published: 23.04.2015
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media