MINNEORD

Hans Olav Tungesvik Om forfatteren
Artikkel

Emmie B.K. Snincak

Ho som på alle sjøfolk sine lepper i Vestlandsregionen berre gjekk under namnet Emmie – med fullt namn Emmie Balchen Knudtzon Snincak – døydde brått og uventa i heimen sin på Møkster i Austevoll 28. april i år.

Ho stod midt oppi det viktige arbeidet sitt som leiar av Legekontoret for sjømenn i Strandgt. 18, og hennar død vart eit smertefullt tap for familien, for hennar pasientar, medarbeidarar, kollegaer og den store veneflokken i inn- og utland.

I tillegg til dagleg leiing ved legekontoret hadde ho eit stort internasjonalt engasjement, m.a. med planar om etablering av eit kombinert helsetilbod med rehabiliteringsfunksjonar på Kypros.

Emmie Snincak fullførte medisinstudiet i Lausanne i Sveits, der ho tok embetseksamen i 1977. Ho hadde turnusteneste på Nordfjordeid sjukehus og i Vågsøy distrikt. Deretter arbeidde ho ved sjukehuset på Stord, i Austevoll distrikt og på Haukeland universitetssjukehus. I 1981 tok ho til som bedriftslege for Mobil, dette var framleis i ein tidleg fase av det store oljeeventyret i Nordsjøen. Det var her hennar store engasjement og lidenskap i det maritime for alvor vart vekt. Som arbeidsmedisinar var ho òg ein periode bedriftslege ved Smelteverket i Sauda. Frå 2005 overtok ho leiinga av Legekontoret for sjømenn i Bergen, ein institusjon ho bygde opp på ein imponerande måte og stod som leiar for fram til dødsdagen.

Emmie Snincak var eit uvanleg levande og engasjert menneske, og ho nytta eitkvart høve til å gjere noko som kunne vere til gagn og glede for dei ho hadde omkring seg. I særleg grad var helsetenesta for folket på sjøen ei hjartesak for henne.

Personleg fekk eg oppleve hennar rause innstilling då eg alt ved vårt første møte fekk tilbod om gratis kontor ved Legekontoret når eg hadde behov for pasientbehandling i Bergen.

Mellom sjøfolk, fiskarar og off shore-arbeidarar hadde Emmie eit svært positivt omdøme. Ho vart sett på nærast som ein institusjon.

Ho er djupt sakna av alle medarbeidarane og av alle som søkte hennar hjelp.

Fred med Emmie Snincak sitt gode minne.

Anbefalte artikler