Kveile ein coil

Kasper Schei Om forfatteren
Artikkel

Kan vi kveile eit aneurisme i staden for å coile det?

Eit aneurisme kan vere skrekkelege saker, særleg når det sprekk. Det rumperte cerebrale aneurismet er hovudårsaka til spontan subaraknoidalbløding som står for 3  % av alle hjerneslaga, med ein dødelegheit på kring 50  % (1). Om ein tilfeldig oppdagar eit aneurisme, kan ein behandle det ved å coile det. Ved hjelp av eit mikrokateter går ein inn endovaskulært til aneurismet og pakkar det fullt med ein metalltråd som gjer at blodet koagulerer kring tråden, slik at aneurismet på elegant vis blir tett (1).

Det engelske ordet coil stammar opphavleg frå det latinske colligere («å samle») og er oftast nytta som sjøuttrykk i meininga «ein ring av tauverk» (2). I Noreg har vi i lange tider omsett taurullen til kveil slik at det skal klinge litt betre for norske øyre, og Norsk ordbok definerer kveil som «ringer av opprullet tau el. slange» (2). Ifølgje Kunnskapsforlagets store engelskordbok har coil ytterlegare to norske tydingar, nemleg som ein elektronisk spole og som prevensjonsmiddelet spiral (3). Medan ein på engelsk har gjeve ordet coil ei ny tyding innan endovaskulær aneurismekirurgi, har vi ikkje gripe sjansen til å finne eit norsk avløysarord – vi har etter gammal vane ukritisk slege armane kring det engelske.

Avløysarordet kveil lyder godt, har like mange stavingar og kling like godt som verb og -ing-form: å kveile – kveiling (jf. coile og coiling). Når ein nyttar eit norsk ord, er det brått meir intuitivt for pasientane kva ein gjer under intervensjonen òg, nem-leg at ein skal kveile ein tråd inn i aneurismet.

Sjølv om trådinnpakkinga i aneurismet av radiologen kanskje ikkje ser like fint oppkveila ut som kveilen til dagens duglege matrosar, er det likevel eit flott avløysarord som er verdt ein plass i det norske, medisinske vokabularet.

Anbefalte artikler