Om mus og menn
– Rett nok hadde eg ei grunnleggjande interesse for antropologi og primal evolusjon. Så det eg hadde tenkt, var å dra til Afrika for å jakte på prehistoriske ledd i den humane evolusjonen. Sidan kollagen i bein kunne overleve i tusenvis av år i leivningar, tenkte eg at det å studere mineralisert kollagen i bein kanskje kunne brukast til noko i antropologien, fortel han. – Men då eg reiste over til USA, vart mitt arbeidsfelt biokjemi, celle- og molekylærbiologi. Tanken på å studere prehistoriske humane primatar, den forsvann.
– Og så blei du i USA for godt?
– Ja, i 1975 fekk eg eit professorat i biokjemi ved Rutgers. Der vart eg i ti år. Eg fekk eigne forskingsmidlar og mine eigne ph.d.-studentar. Vi dreiv med molekylærbiologi og genetikk og utvikla etter kvart metodar for å oppdage kollagen som ikkje var kjent tidlegare. Vi påviste etter kvart mange av dei 40 forskjellige gena som kodar for ulike kollagen. Seinare studerte vi funksjonen til kollagenet, ved bruk av musemodellar. Vi supprimerte gen og lagde mutasjonar i gena, for å studere korleis dette påverka bindevev, brusk og bein. Det som etter kvart vart interessant, var å finne gen og mutasjonar i desse som var ansvarleg for ulike arvelege bindevevssjukdomar.
– Kan du gi døme på nokre av desse sjukdomane?
– A lot of examples. I have published many papers on these conditions. But then I have to start talking English!
Samtalen vidare går på ei blanding mellom norsk og engelsk. Det er trass alt 40 år sidan denne mannen budde i Noreg. Amerikansk statsborgar vart han for lenge sidan. Han er usikker på om han framleis har sitt norske statsborgarskap. Det norske passet har han ikkje fornya på årevis.
– Ordtilfanget innan molekylærbiologi og genetikk utvida seg i stor grad frå 1975 og fram til no, forklarar han. – Og alle omgrepa innan dette forskingsfeltet vart eg kjent med først etter at eg flytta til USA. Eg veit dermed ikkje korleis eg skal formulere det på norsk.
Den første sjukdomen dei fann ut av, hadde utgangspunkt i kollagen X (10), som dei hadde oppdaga. Det viste seg at dette kollagenet berre fanst i vekstsonene i lange røyrknoklar. Bruskceller her veks raskt og aukar ti gongar i storleik – noko som er absolutt essensielt for veksten i røyrknoklane. Mutasjonar i enkelte gen kan hindre cellevekst og føre til dvergvekst. For å forstå funksjonen til kollagen X, lagde dei mutasjonar hjå mus. Det medførte at musa utvikla korte bein, som kortvaksne.
– Vi hadde funne det første kollagenet som var direkte knytt til vekst i bein og den første kollagenavhengige tilstanden av dvergvekst, fortel han begeistra.
– Og så fann de tilsvarande hos menneske?
– Ja, og begge funna fekk vi publisert i Nature og Nature Genetics. Det er den nest vanlegaste typen av dvergvekst. Funnet førte til ei rekkje publikasjonar på mutasjonar i mus og menneske. Vi fann seinare mange typar kollagen som ikkje var kjent frå før. Og igjen fann vi sjukdomar hjå menneske som hadde utgangspunkt i feilfunksjon av ulike kollagen, til dømes tidleg debuterande osteoartritt, Knoblochs syndrom, som er eit syndrom der ein utviklar tidleg nedbryting av retina, Sticklers syndrom, som gir forandringar i corpus vitreum, samtidig med tidleg osteoartritt i kneledd og hofter, og kjerubisme, ein tilstand der pasientane hovnar opp i nedre del av andletet, spesielt i underkjeven, på grunn av unormal osteoklastaktivitet. Til slutt liknar dei på kjerubar, slik dei gjerne vart framstilt i barokk målarkunst, med lubne kinn og oppadvendt blikk.
– Fann du svaret på spørsmålet ditt?
– Fibrodysplasia ossificans progressiva, eller «steinmannssyndromet», er ein sjukdom som fører til at sener og ligament blir transformert til bein. Pasientane utviklar seg nærmast til marmorstatuer. Det er ein sjeldan, men frykteleg sjukdom. Ein pasient som har skjelettet utstilt ved The Mutter Museum, The College of Physicians, var frisk inntil han var 11 – 12 år, ein normal gut, men så utvikla sjukdomen seg raskt. Då han døydde som 39-åring, kunne han berre røre på leppene. Her er det nettopp ein feilfunksjon i eit gen som gjer at forbeining også skjer i anna bindevev enn bein.
I Tidsskriftet nr 19 2014 leste jeg et intervju med professor Bjørn Reino Olsen, som jobber på Harvard Medical School (1). Intervjuet var interessant og morsomt. Jeg la merke til at professor Olsen er 74 år gammel og fremdeles yrkesaktiv. I Norge må man slutte sin legevirksomhet når man er 70 år. Dette synes jeg er aldersdiskriminering. I flere andre land, som USA, har man opphevet aldersgrensene i arbeidslivet.
Jeg vil at Legeforeningen skal ta denne saken opp med norske myndigheter; leger, som selv ønsker, må kunne fortsette vår legevirksomhet etter fylte 70 år. Dersom man ikke kommer til enighet, synes jeg saken bør tas for retten. Jeg synes at det norske medisinmiljø mister veldig mye hvis folk som er på topp faglig, og er fysisk og psykisk i god form, må slutte når de er 70 år. Ikke bare det, men som oftest bortfaller autorisasjonen når legen fyller 75 år.
Jeg har hatt den ære å jobbe med flere kolleger som aldri skulle fått lov til å slutte da de var 70 år. Jeg synes at man heller skulle motivere dem til å fortsette å jobbe. Jeg tillater meg bare å nevne et par kolleger som jeg har jobbet sammen med på Haukeland sykehus: professor Ole Jørgen Ohm, doktor Ole Martin Pedersen, professor Svein Ødegård, professor Gunnar Kvam og flere andre. De var så store innen norsk medisin at deres avgang med pensjon var et kolossalt tap, ikke bare for Haukeland sykehus, men for hele det norske medisinske miljø.
Litteratur
1) Homlong L. Eit enkelt spørsmål. Tidsskr Nor Legeforen 2014; 134:1838 – 40