Minneord

Artikkel

Norvald Lundetræ

Norvald Lundetræ døydde 16. mai 2014. Han rakk så vidt å feire 69- årsdagen. Han var ein aktiv mann med god helse og i fullt arbeid som allmennpraktikar då han brått blei råka av hjernetumor som han kjempa tappert mot i over eit år.

Norvald var frå Os i Hordaland. Han studerte medisin i Bergen og starta i 1974 allmennlegepraksis i Stavanger. Han blei spesialist i allmennmedisin og jobba som det fram til han blei sjuk. Pasientane sette han svært høgt. Han var fagleg oppdatert, hadde evne til å lytte og vise empati og til å gi god behandling. Mange pasientar saknar den omsorgsfulle og dyktige fastlegen.

Norvald gjorde ein stor innsats i legeforeningsarbeid. Han var leiar i Rogaland legeforening i 1998 – 2001 og sat i same periode i sentralstyret for Den norske legeforening. I tillegg var han medlem av fag-utvalget til Alment praktiserende lægers forening i åra 1991 – 94. Han la ned mykje arbeid i Rogaland legeforening sin kurskomité for spesialistutdanning for allmennlegar og var i ei årrekke leiar der. Han ivra for å få med yngre kollegaer og var ein god rettleiar og støttespelar. Han var med på å legge til rette for og gjennomføre gjensidig praksisbesøk og var med i lege-for-lege-ordninga. Til saman var han tillitsvalgt på lokalt eller sentralt plan i ca. 30 år, alltid engasjert, sjølvstendig, grundig og klartenkt.

Han var engasjert i Madlamark menighet og tok på seg oppgåver der. Han var også aktivt medlem i Rogaland kristelige legeforening. Norvald var kunnskapsrik på mange felt. Og han delte sin viten utan å framheve seg sjølv. Han hadde eit varmt smil, eit lunt nærvær og ein underfundig humor.

I studietida i Bergen traff han Ragna og gifta seg med henne. Dei fekk tre barn, Kjersti, Åshild og Rune Magnus, og etter kvart tre svigerbarn. Norvald gledde seg stort over dei ti barnebarna. Han elska familien høgt og fryda seg over å vere saman med dei heime eller på hytta i Nedstrand. Han var glad i naturen og var gjerne med familien både til fjells og til sjøs. For dei er det tungt å miste ein kjær ektemann, far, svigerfar, morfar og farfar. Og alle vi som var glad i Norvald, vil sakne ein klok og omsorgsfull ven.

Vi lyser fred over minnet hans.

Anbefalte artikler