()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    I september 2013 vedtok Det medisinske fakultet i Oslo ein ny, revidert studieplan for medisinstudiet, og fakultetsstyret vedtok med sju mot to stemmer at karaktersystemet for det reviderte studiet skal ha graderte karakterar, med høve til å bruke bestått/ikkje bestått i enkelte emne (1). I artikkelen Skittent spill rundt innføring av karakterer i Tidsskriftet nr. 22/2013 kjem medisinstudent Christoffer Smith med ei rekkje påstandar om prosessen fram til vedtaket (2). Han hevdar mellom anna at Det medisinske fakultet har brote § 4-4 i universitets- og høgskulelova om studentrepresentasjon, noko som ikkje er korrekt ifølgje juridisk ekspertise ved vårt universitet.

    Reglane i lova gjeld vedtaksorgan. Realiteten er at fakultetsstyret som er fakultetet sitt øvste vedtaksorgan, har ein studentrepresentasjon på over 20  % (to av ni medlemar er studentar). Fakultetsstyret oppnemnde ei styringsgruppe for revisjonsprosjektet, og i denne gruppa har studentrepresentasjonen vore på 20  % (ein av fem medlemar). Då gruppa blei utvida, blei det oppnemnd ein ekstra student, slik at studentrepresentasjonen blei 25  %.

    I ein tidleg fase av arbeidet med revisjonen blei det valgt ei arbeidsgruppe, og det blei sidan sett ned ei prosjektgruppe. Desse gruppene har ikkje hatt status som vedtaksorgan, men hadde i oppdrag å greie ut og kome med forslag til løysingar. Då gruppene blei danna, la ein vekt på å sikre brei representasjon frå lærarstaben. Involvering og dialog med studentane har vi søkt å vareta på ei rekkje måtar i dette arbeidet. Eg er derfor heilt trygg på at vi i denne prosessen har gått fram på ein måte som har vore fullt ut i samsvar med lova og god forvaltningsskikk.

    Dette er en redigert versjon av debatten, publisert på nett 28.10.2013. http://tidsskriftet.no/article/3104192/

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media