Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skyssgut på Vossevangen

Kari Tveito Om forfatteren

Då han gjekk ut på dato i Noreg, tok danskane imot han med opne armar. – Eg er ein fornøgd syklist i København, seier Ole Didrik Lærum.

https://tidsskriftet.no/sites/default/files/styles/default_scaling_w1500/public/2013--T-13-1450-01-Int.jpg

Foto: Vidar Herre

Kvar gong han kom heim, sjølv i vaksen alder, måtte han ein tur innom bokhandelen og høyre om dei trong løparguten sin. For her, i bygda sin bokhandel, hadde legesonen sin første betalte jobb.

– Om sommaren måtte eg halde sykkel og sykkelveske, om vinteren sparkstøtting og den same sykkelveska. Så fór eg rundt i bygda og ringde på hos folk. «Det er Ole Didrik frå Voss bokhandel, god dag,» sa eg og bukka djupt. Sjølv dei som vanlegvis ikkje betalte, opna lommeboka når dei fekk ein tiåring på døra. – Ei krone i timen fekk eg. Og alle pengane gjekk med på å kjøpe bøker. I same bokhandel så klart.

Kreftforskar og medisinsk historikar

63 år fram i tida har den driftige gutungen av fjerde generasjons legeslekt blitt ein framståande professor og forskar i patologi, påskjøna formidlar, kulturarbeidar, musikar og forfattar med 29 bøker på samvitet. I 12 år satt han i leiinga ved Universitetet i Bergen, i seks av dei som rektor. Han har vore preses i Det Norske Videnskaps-Akademi og var den første styreleiaren for Noregs forskingsråd då dei tidlegare forskingsråda blei slått saman til ein organisasjon. Han er heidra med alle dei prisar ein kan tenkje seg, æresdoktor og kommandør av St. Olavs orden. Ein skulle tru at ein slik mann måtte vere ein ressurs som det norske samfunnet ikkje burde sleppe frå seg. Men pensjonsalder er pensjonsalder.

– Viss eg skulle gitt meg med forskinga, slik eg blei bedt om, ville seks års arbeid gått rett i vasken.

Ole Didrik Lærum ser oppgitt på meg frå den djupe lenestolen. Han er ein snartur innom Legenes Hus i Oslo før han reiser vidare til København.

For då ei dør blei stengd, opna ei anna seg.

– Eg brukar å seie at eg er veldig fornøgd med å ha blitt diskriminert, for det har kome så mykje godt ut av det, fortel Lærum. I Danmark seier lova at ein ikkje kan forskjellsbehandle nokon på grunn av alder. Då han ikkje lenger fekk arbeide som professor i Noreg, tok danske kollegaer affære. Etter kort tid var han blitt ekstern professor ved Universitetet i København. – Ole Didrik Lærum er ein av dei mest framifrå ekspertane på kreft i matrøyr og tjukktarm i verda. Vi kan ikkje skjønne at Noreg kan unnvere ein slik kapasitet, sa forskingsleiar Gunilla Høyer-Hansen ved Biocenteret på Rigshospitalet i København til NRK2 då dei laga eit innslag om professoren i programmet «Status Norge: Eldreboomen» i haust.

– Eg er der nede om lag ei til to veker i månaden. Det er frykteleg kjekt. Danskane betalar reise og opphald, seier Lærum. På dei tre åra han har jobba der, har forskarane publisert 17 originalartiklar i internasjonale tidsskrift. – Resten av tida har eg heimekontor på Voss og pendlar til Haukeland universitetssjukehus eit par dagar i veka.

Han er rettleiar for ein doktorgradsstipendiat i København og to i Bergen.

Mange av vevsprøvene dei forskar på i København kjem frå Haukeland universitetssjukehus og klinikarane der. – Analysane gjer vi på Biocenteret i København, presiserer Lærum. Gruppene har nyleg påvist ein viktig mekanisme for korleis kreftceller invaderer vevet rundt ved å tvinge normale celler til å jobbe for seg. – Det er nett som Tysklands invasjon av Noreg under den andre verdskrigen, kommenterer Lærum tørt. Det fyrste dei gjorde, med våpen i hand, var å skaffe seg lokale kollaboratørar.

Kreftforsking har Ole Didrik Lærum drive med sidan han som 22 år gamal medisinstudent måtte ta igjen to vekers patologiteneste i laboratoriet på Rikshospitalet etter eit beinbrot. – Eg stortreivst som klinikar då eg var i turnusteneste. Men eg måtte ta eit val. Skulle eg gått nattevakter, ville eg ha fått eit heilt anna liv. Han trur at han verken ville fått tid til den eksperimentelle forskinga eller dei mangfaldige fritidsaktivitetane.

– Gjennom patologien fekk eg ein indirekte kontakt med dei kliniske spesialitetane. Den brennande interessa for medisinsk historie har vore ein slags kompensasjon for at han ikkje har fått tid til å drive sin eigen legepraksis.

– Du bur til og med i eit medisinskhistorisk museum.

– Ja, men det var eigentleg ikkje planlagt at det skulle bli slik. Vi skulle berre redde eigedomen frå å bli øydelagt av kommunen som ville bygge forretningsbygg der. Og då var det nødvendig å synleggjere den spesielle historia tomta hadde.

Oldefars ulveskinnspels

Oldefaren til Ole Didrik Lærum var kommunelege i Gjøvik og distriktet rundt på slutten av 1800-talet.

– Diverre blei han berre 56 år gamal, fortel Lærum. Han sleit seg heilt ut som doktor for 15 000 menneske i eit stort distrikt. – Ein dag han var på veg i sjukebesøk, seig han berre saman i karjolen. Sonen, som var med som skyssgut, måtte køyre faren heim, men livet sto ikkje til å redde.

Sonen – som seinare blei kalla «Gamle Lærum» – utdanna seg óg til doktor og starta praksis på Voss. I 1910 flytta han og familien inn i den store gule sveitservillaen like bak jernbanestasjonen. – «Lærumhuset» som det kallast, er den einaste intakte distriktslegebustaden av sitt slag i Noreg. – Ja, interiøret er bevart, fasaden er restaurert og det gamle legeutstyret er intakt. Dei andre husa – stallen, garasjen og hønsehuset – er óg tekne vare på.

Far til Ole Didrik Lærum – «Unge Lærum» – blei som far sin verande på Voss. Han var lungelege og engasjerte seg i kampen mot tuberkulosen. – I mange år dreiv han Bjørkeli Sanatorium på Voss. Som mange andre helsearbeidarar på den tida blei han smitta av tuberkulose sjølv. Han lo alltid når han snakka om den store kalkflekken han gjekk med på den eine lunga, for kvart år måtte sjølv legen stille på etterkontroll.

Legerolla har forandra seg svært på nokre generasjonar, reflekterer patologiprofessoren.

– Har vi mista noko på vegen?

– Ja, det trur eg. Han uttrykkjer det slik: Livet og sjukehistoria til pasienten blir delt opp i små kanapear. Legen i dag får mange smakebitar, men lite av store brødblingsar. Pasientane i dag har aldri hatt så mykje tilgang på informasjon som no, men kva klagar dei på? Jau, at dei får vite for lite. Det eg trur dei meiner, er at dei har for lite høve til å bruke tid saman med eit medmenneske med eit medisinsk ansvar for deg, seier Lærum. Han trur på å stå saman og kjempe for å få til endringar.

– Viljen til å seie frå har du hatt sidan du var liten, høyrer eg.

– Ja, Voss var ein god plass å vekse opp, men i eit lite bygdesamfunn kan det også bli litt lukka og konservativt.

På Voss var det indremisjon, målrørsla og fråhaldsrørsla som gjaldt.

– Kva reagerte du på?

– Intolerante haldningar. Opplevde eg det, måtte eg seie ifrå.

Seinare har han leia mange aksjonar på forskjellige arenaer. Som rektor for Universitetet i Bergen kjempa han for at universitetet skulle bli opnare mot samfunnet, for å betre forskinga og auke talet på studieplassar.

– Du fekk gjennomslag for det meste.

– Ja, og eg er spesielt stolt av to ting. Det eine er at vi fekk på plass ei akademisk musikkutdanning i Bergen på alle nivå i det som no heiter Griegakademiet. Det andre er at det blei opna for at andre helsefag enn medisin, for eksempel fysioterapi, skulle få ta høgare grad og kunne utdanne seg heile vegen opp til professornivå.

Det siste året som rektor fekk han den stadfestinga han trong på at dei hadde lukkast i å alminneleggjere og opne universitetet mot samfunnet rundt. – Det var 17. mai-tog, og heile leiinga for Universitetet i Bergen kom skridande, lettare teatralsk i lange kapper. Med eitt var det ein kar som vinka og ropte ned til oss frå eit utkikkspunkt: «Se der kommer han Ole Didrik’en med universitetet! Han skal leve! Han skal leve!»

Den tidlegare rektoren humrar godt.

– Det var ein av dei finaste komplimentane eg har fått.

Om han slost i rektortida, gjorde han det enno meir som styreleiar for det nye nasjonale forskingsrådet. Han har dessutan stått på barrikadane i fritida blant anna i fortidsminneforeininga og arbeidet for å redde verneverdige historiske hus.

– Nokre kampar har eg vunne, andre gonger har eg tapt med eit brak.

– Korleis opplevde du det?

– Nei, det var lite kjekt, men ein må jo ta det óg. Og då veit du i alle fall at du har sagt frå.

Det er viktig å både vere ein god vinnar og ein god tapar.

– Du høyrest ikkje skvetten ut. Har du nokon gong mista nattesøvnen når det har storma som verst?

– Nei, men det har hendt ofte at eg har vore så overarbeidd at eg ikkje har sovna av den grunn, påpeikar Lærum. Det høyrer med til historia at han blei født under eit bombeangrep i Bærum to veker etter at krigen hadde byrja. – Fødselen var akkurat over då jordmor kom springande inn til mor. «Viss sjukehuset blir bomba, må du springe ut i skogen den vegen,» sa ho, og peika ut av vindauget der det låg ein halv meter med snø. «Det kan eg vel ikkje, eg har jo akkurat fødd,» sa mor. «Må De, så kan De,» svara jordmora og forsvann ned i kjellaren.

Neste dag skulle alle innom og sjå på babyen til kandidat Lærum. – Heile legevisitten sto rundt senga til mor, og på staden blei eg døypt til «Bombasticus».

I kastanjetreet

Femåringen måtte ofte sitte lenge og vente i bilen utanfor portane med piggtrådgjerde og væpna soldatar. Men ein dag då far kom tilbake frå inspeksjonen i den russiske fangeleiren som tyskarane hadde oppretta på Voss, vinka han sonen inn.

– Ein avmagra russar i fillete drakt ville gi meg noko.

Fangen heldt fram eit halvt stykke brød med tran og litt sukker på, det mest dyrebare han hadde.

Gutungen såg opp på far. Om han skulle ta imot?

– Ja, nikka far. Berre ta den.

Sakte åt guten opp heile skiva, enda så harskt det smakte.

– Eg kunne ikkje anna. For eg skjønte kva det betydde for russaren; han ville så gjerne gi noko. Far fortalde seinare at fangen hadde småborn han ikkje hadde sett på fleire år.

Ole Didrik Lærum har det ein kan kalle fotografisk hukommelse.

– Då eg hadde eit sabbatsår i København, kom det over meg at eg måtte skrive ned alle minna frå barndommen, fortel Lærum. For det var skrive minimalt om miljøet på Vossevangen i 1940- og 50-åra, og kunnskapen var i ferd med å forsvinne. – Etterpå brukte eg lang tid på å kontrollere alle detaljane. Nesten alt var slik han hadde hugsa det.

– Då eg var liten, syntest eg det var ei plage. For eg kunne jo ikkje gløyme det eg opplevde som ikkje var noko kjekt, seier Lærum. I staden blei minna spela i hovudet på han om og om igjen, som ein film i fargar. – Først som vaksen fann eg ut kva for ei unik gåve ein god hugs er i mange andre samanhengar, opplyser Lærum. Men i barneåra klauv han opp i den store krona på kastanjetreet dersom verda gjekk han for mykje imot. Mykje tid til å gøyme seg hadde han likevel ikkje.

– Før i tida var distriktslegeteneste ei familiebedrift. Kona var like viktig i arbeidet med pasientane som doktoren sjølv. Ungane måtte óg hjelpe til, heime på garden og som skyssgutar og -jenter når doktoren skulle ut i sjukebesøk. Eg var med far som grindagut frå 5 – 6-årsalderen og i ungdomstida som sjåfør. Ein av jobbane til Ole Didrik var å hente dei nystiva snippane til bestefar oppe i bakken.

– I Gamledoktoren forteller kjem det fram at distriktslegen var ein figur med stor autoritet.

– Ja, og eg trur dei brukte det terapeutisk i ei tid då ein ikkje hadde gode medisinar for mange sjukdomar. Og det kunne vere tillitsskapande. I den andre boka om allmennpraksis dei siste 150 åra, I ulveskinnspels, fortel Ole Didrik Lærum livshistoria til oldefar, farfar og far.

– Når vi viser folk omkring i museet, får dei høyre nokre av desse historiene. Samstundes får dei sjå ei komplett samling av medisinsk utstyr som blei brukt i distrikslegepraksis frå 1700-talet og opp til vår tid.

– Det må ha kosta å få tak i alle desse tinga?

– Heilt forferdeleg. Eg har ein elendig økonomi. Eg brukar å seie at eg er eit forgjelda og veldig lukkeleg menneske, smiler Lærum. Mykje av tida til ein distriktslege gjekk med på å reise ut til pasientane. – Difor fann eg ut at eg måtte ha ei køyretøysamling.

Samlinga inneheld blant anna bilar frå 1913 og framover, kjerra og spissleden til bestefar og skia som far til Ole Didrik Lærum brukte i praksisen sin. Dei har eit heilt rom med gamle klede, mellom anna den omtalte pelsen til oldefar.

– Dottera mi har laga ei barnebok som heiter Oldefars ulveskinnspels. For kulturformidling er også ei familiebedrift. I fleire år har Ole Didrik Lærum reist rundt i årestover på Vestlandet, registrert dei og granska korleis det var å bu i desse spesielle husa. Saman med kona, songaren Reidun Horvei, har han laga eit kombinert forteljar- og musikkprogram om dette emnet som dei har vore på turné med. Heile familien har stått saman om å byggje opp museumssamlinga og byter på å vise rundt i museet.

– Dei to brørne dine er også blitt professorar i medisin. To av dei fem ungane dine har utdanna seg til legar. Det blir fem generasjonar Lærum-legar.

– Det eg trur vi har felles, både vi som har valt legeyrket og dei som har valt andre yrke, er ei sterk evne til å bli engasjert.

Mykje av fritida går no med på å få Vangsly i plettfri stand. Framleis er hovudhuset under restaurering, 15 år etter at kona og han byrja prosessen med å få huset freda. – No ligg det søknad inne hos riksantikvaren.

Ei nådetid

For tida er endring av pensjonsreglane det som opptek Ole Didrik Lærum. – For 15 år sida trudde vi at levealderen hadde nådd ei grense. Det var heilt feil. Levealderen går jamt og trutt oppover.

Han trur den raudgrøne regjeringa og LO kan ha gjort dei eldre ei bjørneteneste. – Dei har gjort mykje når det gjeld rett til tidleg pensjon. Men ein gløymer at mange eldre er friske og ressurssterke og trivst med å jobbe. Dersom ein norsk statsborgar blir kidnappa i eit anna land, blir det ofte sett ein pris på vedkomande sitt hovud.

– Kor mykje er dei verd alle dei hovuda vi har fått ved at folk lever mykje lengre enn før? undrar Ole Didrik Lærum seg. Røysta er like roleg og mild, men spørsmåla kvasse. – Eg lurar på om Legeforeininga gjer nok i denne saka. Er dei ikkje litt slappe?

Vi lever i ei nådetid, meiner han. Det er no vi må handle. – Vi kan berre inkludere fleire i dei øvre aldersgrensene i arbeidslivet når det er mangel på arbeidskraft. Her i Noreg har vi vore heldige med ein stabil økonomi og høg sysselsetting. Men vi har ingen garantiar for at det held fram slik.

Han har aldri prøvd seg i politikken, men han kunne godt ha tenkt seg det óg. – Men det er lov å bruke litt humor og ikkje berre vere sint.

Dei siste to åra har han redigert spalta Kuriosa i Tidsskriftet. Artiklane skildrar dei mest underlege fenomen, mellom anna «Lærums tumor: podocytomet» – verdas sjeldnaste sjukdom!

Så lenge han er like nysgjerrig og full av virkelyst, vil han halde på. – Ja, noko av det viktigaste her i livet er å engasjere seg, og ikkje minst å gi noko til andre. Men det kan jo kome over natta at du må innsjå at no skal du vere stille. Kuriosaserien i Tidsskriftet blir avslutta i dette nummeret.

– Ein skal kjenne si vitjingstid. Alt har ei byrjing, alt har ein slutt. Ein skal ikkje drive på med det same i det uendelege.

Ole Didrik Lærum

Fødd 23. april 1940

  • Cand.med. Universitetet i Oslo 1965

  • Dr. med. Universitetet i Oslo 1969

  • Spesialist i patologi 1975

  • Dosent frå 1974 og professor i patologi, Haukeland universitetssykehus 1980 – 2010

  • Professor emeritus 2010 –

  • Frå 2011 professor (adj.) ved Københavns Universitet

  • Rektor ved Universitetet i Bergen 1990 – 95 (prorektor 1984 – 89)

  • Styreleiar i Noregs forskingsråd 1992 – 94 og andre forskingspolitiske verv

  • Har gitt ut 29 bøker og om lag 480 artiklar

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler

Annonse
Annonse