For spesielt interesserte

Lisbeth Homlong Om forfatteren

Bogousslavsky, Julien

Dieguez, Sebastian

Literary medicine

Brain disease and doctors in novels, theater and film. 261 s, tab, ill. Basel: Karger, 2013. Pris CHF 123

ISBN 978-3-318-02271-1

Literary medicine er ei samling av i alt 19 artiklar kor skribentane tek for seg nevrologiske og psykiatriske sjukdomar, slik desse er blitt skildra i skjønnlitteratur frå 1800-talet og framover. Sjukdomspanoramaet inkluderer tilstandar som også i dag er vanlege, som schizofreni, migrene, alkoholisme og epilepsi. Nokre av artiklane omhandlar meir kulturelt og tidsmessig avgrensa tilstandar, som hysteri, der romanen Emma Bovary av Gustave Flaubert (1821 – 1880) er trekt fram som eit døme. Tre artiklar tek for seg litterære legeskikkelsar hos forfattarane Marcel Proust (1871 – 1922), Honoré de Balzac (1799 – 1850) og Anton Tsjekhov (1860 – 1904).

Nokre sjukdomar er blitt skildra i litteraturen lenge før diagnosen er blitt etablert og definert innanfor medisinen. Schizofreni er eit døme på ein slik sjukdom. I ein av artiklane tek forfattarane for seg romanen Louis Lambert frå 1833 av den franske forfattaren Honoré de Balzac, der vi finn ei skildring av ein hovudperson som går gjennom alle dei stadier som høyrer med i dei moderne diagnosekriteria for schizofreni. Dette var 69 år før Emil Kraepelin (1856 – 1926) definerte tilstanden dementia praecox, og 76 år før Eugen Bleuler (1857 – 1935) innførte namnet schizofreni på denne sjukdomstilstanden.

Forbrytelse og straff av Fjodor Dostojevskij (1821 – 1881) er eit av dei store verka i verdslitteraturen. Å karakterisere hovudpersonen i romanen, Raskolnikov, som psykopat, som ein av skribentane tek til orde for, er etter mitt syn ei svær forenkling. Forbrytelse og straff er ei stor forteljing som tek for seg sentrale menneskelege problemstillingar innan skyld, straff og soning. Å ta handlingane og reaksjonane til Raskolnikov til inntekt for ei psykopatdiagnose tek bort den allmenne relevansen som denne romanen har.

Boka er av blanda kvalitet etter mitt syn. Mange av artiklane er for spesielt interesserte, og då særskilt innanfor fagfelta nevrologi og psykiatri. Språkleg er den til dels tung å lese. Korleis sjukdom vert framstilt i skjønnlitteraturen, er likevel interessant både i eit medisinsk, historisk og humanistisk perspektiv. Nokre sjukdomar har eksistert berre i gitte tidsepokar, farga av samtida. Seinare kan sjukdomen ha forsvunne eller gitt seg uttrykk i andre former. Dette minner oss på at diagnosar ikkje er hogd i stein.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler