Informativt om regionalanestesi

Tore Reikvam Om forfatteren
Artikkel

McLeod, Graeme

McCartney, Colin

Wildsmith, Tony  

Principles and practice of regional anaesthesia

4.utg. 277 s, tab, ill. Oxford: Oxford University Press, 2012. Pris GBP 70

ISBN 978-0-19-958669-1

Som tittelen seier, er dette ei lærebok i regionalanestesi. Boka er skreven for fagpersonell som arbeider med regionalanestesi, og den rettar seg spesielt mot legar som er under spesialisering innan anestesi. Forfattarane er hovudsakleg britiske og har sine arbeidsplassar ved ulike sjukehus over heile Storbritannia. Boka har engelsk tekst, men den er lettlesen og har gode figurar.

Første utgåve kom i 1987, og dette er den fjerde utgåva. Mykje har skjedd innan fagfeltet på denne tida, spesielt dei siste åra har bruk av ultralyd vorte vanleg ved regionalanestesi. Denne utgåva har med eit eige kapittel om ultralyd som både beskriv teknologien bak og den praktiske bruken. Dette er informativt utan at det blir for teknisk.

Boka er todelt. Den første delen omfattar generelle prinsipp ved regionalanestesi. Her tar forfattarane for seg fordelar ved regional anestesi og komplikasjonar som kan oppstå. Farmakologi og toksisitet til lokalanestesimiddel blir omtala, og klinisk tilnærming i bruk av regionalanestesi hos pasientar er også med.

I den andre delen tar forfattarane for seg spesifikke metodar innan regionalanestesi. Her gjer dei greie for når det er aktuelt å bruke dei ulike metodane. Anatomi, teknisk utføring og fordelar og ulemper blir forklart. Kvar metode er godt forklart, og fine bilde gjer det heile meir oversiktleg. Det er også her vorte plass til ultralyd med gode og beskrivande ultralydbilde. Regionalanestesi hos overvektige og barn blir tatt opp i eigne kapittel.

Boka vil vere nyttig for legar i spesialisering innan anestesi, den gjev god basiskunnskap og forståing for regionalanestesi. For dei som ønskjer å gå nærare inn på enkelte område, er det fyldige referanselister etter kvart kapittel.

Anbefalte artikler