100 år gammal bok i ny omsetjing

Geir Olve Skeie Om forfatteren
Artikkel

Stumpf, Carl

The origins of music

267 s, ill. Oxford: Oxford University Press, 2012. Pris GBP 35

ISBN 978-0-19-969573-7

Dette er ei ny omsetjing, frå tysk til engelsk, av Carl Stumpf sitt verk The origins of music frå 1911. Boka inneheld òg Carl Stumpf sin autobiografi frå 1923, der Stumpf oppsummerer sitt vitenskaplege arbeid. Målgruppa er alle med interesse for vitenskapshistorie, musikologi, psykoakustikk, musikketnologi, evolusjonsteori, filosofi og kognitiv psykologi. Omsetjar og redaktør David Trippett ønsker å vise korleis Carl Stumpf blei ein pioner innan eksperimentell psykologi. Det blei han gjennom sitt arbeid med å studere persepsjon av lyd og med ein teori for evolusjon av musikk. Han frigjorde dette faget frå filosofi medan han bana vegen for psykofysikk og fysiologi.

Boka har tre delar. Den byrjar med to essay, der lesaren blir introdusert for Carl Stumpf sitt bidrag til ein ny type empiribasert forsking innan psykologi og musikkevolusjon. Forfattarane set arbeidet til Stumpf i ein historisk kontekst, der dei viser korleis Stumpf frå sin ståstad som filosof, via sitt eksperimentelle arbeid med studier av musikkpersepsjon og «The origins of music», leggjer grunnlaget for så vel eksperimentell psykologi og komparativ musikologi, seinare musikketnologi.

Del 2 er ei ny omsetjing av Stumpf sitt orginale verk. Her innleier Stumpf med sitt syn på musikk og evolusjon, og underbyggjer så dette ved ein nøye analyse av musikkopptak frå ulike primitive stammekulturer. Materialet henta han frå dei ca. 30 000 vokssylindrane i Berlin Museum of Ethnology/Berlin Phonogram Archive. Han starter med vedakulturen på Sri Lanka og beveger seg vidare austover til Stillehavsområdet, Sør-Amerika, Afrika osb. – jorda rundt. Stumpf var ein svært habil musikar og hadde alle forutsetjingar for analyse av musikken. Sjølv om boka no er 100 år gammal, er den artig å lese. Argumentasjonen er logisk og godt fundert, og teksten virker på mange måter svært moderne. Sjølv om synet på musikkevolusjon kanskje har endra seg noko, står fleire av funna hans fortsatt, til dømes omgrepet «fusion» ved persepsjon av toner, pitch og akkorder, og grunnlaget for konsonans er fortsatt basert på Stumpf sine funn og oppdagingar.

Del 3 er Carl Stumpf sin autobiografi frå 1923, der han sjølv set sitt liv og virke inn i ein større samanheng.

Det som fascinerer mest, er at boka viser korleis ein mann sine nitidige studier av «The psychology of tone» og «The origins of music» danna basisen for to heilt nye forskningsfelt: eksperimentell psykologi og etnomusikologi.

Anbefalte artikler