Er forskningen nyttig?

Ole Didrik Lærum Om forfatteren

«Fantasi er vel så viktig som kunnskaper,» skal Albert Einstein ha sagt. Forfatteren av artikkelen som presenteres under, må sies å inneha begge deler.


VatleArvid

Vatle A. Unyttig om urinprøver. Tidsskr Nor Lægeforen 1999; 119: 1178 – 9.

Forfattaren har i løpet av 12 månader registrert typen av emballasje som pasientane har bringa urinprøvene til hans allmennpraksis i. Artikkelen gjer ikkje krav på originalitet, og forfattaren ønskjer heller ikkje at han skal bli vurdert meritterande i noko fag. Men arbeidet har vore til stor glede for forfattaren.

A Doctor Casting a Patient”s Water. Circle of Adriaen van Ostade, c. 1660. Oil on panel. Shakespeare Birthplace Trust collections at Hall”s Croft, Stratford-upon-Avon

Uroskopi, alkymi og astrologi var tre hovudfundament i medisinsk diagnostikk gjennom mesteparten av mellomalderen. Urinen var rett nok ikkje ei av dei fire klassiske kroppsvæskene i humoralpatologien, men like vel vart urinprøver bringa til lækjaren, som vurderte mellom anna farge og sediment.

Urindiagnostikk i vår tid baserer seg på heilt andre prinsipp enn i mellomalderen. Ved hjelp av ulike dyppestrimrnelmetodar får vi på under eit minutt viktig informasjon om kroppen sin tilstand.

Emballasjen

Nå som før må urinen samlast i ein behaldar før den vert presentert for lækjaren. Behaldaren må vere godt reingjort og ikkje innehalde element som kan verke inn på analyseresultatet. Bortsett fra det representerer urinprøvebehaldaren eit rikt spektrum av ulike former og storleikar. Folk flest har rik fantasi på dette området.

I sjukehus, institusjonar og etter kvart også i allmennpraksis går dette interessante aspektet etter kvart tapt av di sterile spesialglas som apotekaren sel har overtatt. Det er difor medisinhistorisk viktig å få registrert flest mogleg av ulike typar urinprøvebehaldarar fra folkedjupet før denne sida av medisinsk praksis går tapt.

Det unyttige …

Av ein eller annan grunn har eg alltid interessert meg for det unyttige. Denne gongen gjeld det altså kva folk bringar urinprøvene sine i når dei kjem til primærlækjaren.

Det er nyttig å ha noko føremålstenleg tett og høveleg stort å ta med den sjølvproduserte gule væska i, men det er jo ganske unyttig slik som dette å prøve å skrive ein artikkel om emnet.

I perioden mai 1997 – mai 1998 engasjerte eg meg i følgjande, totalt nyttelause studie: eg registrerte 164 urinprøvebehaldarar med ein variasjon på 110 ulike av dei (tab 1).

Tabell 1  Typar av urinemballasje, alfabetisk

Antall

Antall

Afi-B6 40 mg 100 tabl.

1

Nestlés barnemat fra 8 måneder

3

Afi-C 250 mg

2

Nestlés barnemat fra 12 måneder

2

Albyl-160 mg

3

Nestlé sjokonøtt. Nøttesjokoladepålegg i papp

1

Androxon 40 mg caps.

1

Nitroglycerin 0,5 mg

2

Apocillin 660 mg

3

Nora ripsgelé

1

Asbach Uralt miniflaske

1

Nordkrona Chilipulver

1

Bactrim tabl. No. 20

1

Normorix mite

1

Bells Old Scotch Wisky (neste gong: Koskenkorva finsk vodka)

1

Noscapin 50 mg Hostedempende

1

Bergensk Brystbalsam

2

Novid brusetabletter 10

1

Borvann 20 % til omslag, anvendes før 5 – 85

1

Nyco fruktsaft

1

Brufen 600 mg

1

Olden naturlig mineralvann m. kullsyre 0,5 liter

1

Calcigran tyggetabl. 500 mg

1

Omega-3 konsentrert fiskeolje i naturlig form. 100 kapsler

1

Coca-Cola 0,5 l

2

Oxeladin mikstur, slimløsende, hostedempende

1

Coca-Cola Light 0,5 l

1

Paralgin forte

1

Collett C-Max tabl.

3

Pectamol hostemikstur

1

Clearasil. Medicated Lotion for greasy skin 150 ml

1

Plommesyltetøy (heimelaga)

1

Cosylan

1

Pyrisept

1

Delikat Appetittsild 270 g

8

Quick up eplesquash uten sukker

1

Diflonid 500 mg

2

Recycled glass. Hand made in Spain (Barnepynteglas)

1

Duroferon Duretter

2

Rigabalsam og honning, mikstur

2

Eckinagard purpursolhatt, naturlegemiddel

1

Rivotril 0,5 mg 150 tbl.

1

Eggbit gaffelbiter

1

Røkt seifilet, A/S Westsild

1

Eucalyptushonning. Mikstur. Ved heshet og forkjølelse

1

Salbuvent inhalasjonsvæske 5 mg/ml

2

Fanta med appelsinsmak

1

Santa Maria grillkrydder

1

Ferro-Retard 100 mg

1

Sinemet Mite 10/100

2

Fiskemannen Store Reker 385 g

1

Skin Renew Cream 24 hours, 60 ml

1

Flux 0,5 mg sugetabletter 100

1

Slank TM-fiber. Kosttilskudd

1

Fontex 20 mg 100 kapsler

1

Solo appelsinbrus

1

Fruitopia

1

Sorbangil 20 mg

1

Galla Tomatpuré

3

Stavlands tomatpuré

17

Gastrobitan 400 mg tabl.

1

Stavlands lynghonning

3

Grimstad Pizzasaus

1

Stesolid 5 mg 25 tbl.

1

Gjäst B-6 (svensk)

1

Surmontil 10 mg

1

HAPÅ Nestlé

2

Surmontil 25 mg

1

Hedleys peppermix (produsert i Tyskland)

1

TAB. Full Cola Taste. No Sugar

1

Hemofer tabl.

1

Tab – Let prosan Kapsler. For større velvære. Lecithin,  eplecidereddik, tangmel, hvetekimolje. Mot treg mage

1

Hindu kanel

1

Taco-saus. Cara Fiesta

1

Hydrogenperoxid 3 % 100 ml

3

Tinctura aloes zeduaria composita

1

Kalium Duretter

1

Tine lettrømme 3 dl

2

Kamferdråper 25 ml

1

Toilax 5 mg

1

Kloramfenikol øyendråper

1

Tom & Jerry. Brus med tropic smak

1

Knall-tilbud. Ferske pillede reker i lake

1

Tonique douceur. Lancôme, Paris

1

Landlord Bringebær. Lett syltetøy 620 g

1

Trandate 400 mg 100 tabl.

1

Lasix 40 mg tabl. 100

1

Trimonil retard

1

Lerums solbærsyltetøy

1

Tuxi mikstur 100 ml

2

Maggi (Klikkelyden garanterer uåpnet glass)

1

Tysk dressing

1

Marevan tabletter

1

Ubiquinon Natural Q10

1

Megafood Food State. Jern med molybden 5 mg

1

Vitamineral Dumex

2

Mills Peanut Butter. Grov type

1

Vitaplex A + B + C + D

1

Mogadon tabletter

1

Vitaplex B

2

Mozell fruktdrikk med råsaft fra naturen

1

Vitaplex hvitløk luktfri

2

MUM – deodorant (utan kule)

1

Vitaplex magnesium

2

Möllers Dobbel Omega 3 + ADE

1

Weifapenin 650 mg

1

Nature Sunshine Matrem (En velkjent, tradisjonell urt  mot migrene og problem i ledd og beinstruktur)

1

Zinc Chelated tablets

1

Zinkvita – Cederroth A/S

1

Addendum: Koskenkorva finsk vodka

1

Einaste kriterium for seleksjonen var at urinprøva vart levert i ein emballasje som ikkje var av den ferdigkjøpte, sterile typen.

Det viste seg at det ikkje tydde noko for urinanalysen om prøva var på ei halvliters Cola-flaske eller på eit tomatpuréglas, for emballasjen var alltid svært godt reingjort.

Artikkelen er ikkje meint å vere medisin-historisk, med linjer fra den epoken sin uroskopi. Nei, han er rett og slett skriven i stor glede over å oppleve dei mest ulike former for behaldarar.

Avføringsprøver fell utanfor denne studien. Før Hemofec-epoken kunne desse bli bringa i alt fra fyrstikkesker og globoidesker til langt meir voluminøse behaldarar.

Det er naturlegvis viktig å unngå djupsindige tolkingar om kvifor den og den emballasjen blir vald.

Når ein pensjonert bedriftsleiar to gonger bringar urinprøver i flasker med etikettane Bells Old Scotch Whisky og Koskenkorva vodka, må ein halde seg stramt i taumane: ein slik observasjon treng ikkje tyde at personen har fått eller alltid har hatt hang til flaska. Det treng såleis ikkje vere eit ordlaust rop om hjelp!

Det treng heller ikkje vere ein demonstrasjon mot helsevesenet sine åtvaringar mot alkohol og andre nytingsmiddel. Det kan vere reine slumpen at den pensjonerte bedriftsleiaren to gonger valde slik emballasje.

Det same må hevdast for emballasje som har innehalde QlO, purpursolhatt eller vitamin E.

Viktige signal?

Eller er dette kanskje likevel signal som er verdt å leggje merke til? Vil nokon meddele noko når dei bringar urinprøver i glas som til dømes har innehalde antidepressiv?

Men slike funderingar er nytte- og ansvarslause og sømer seg neppe for ein seriøs studie.

Vi skal heller ikkje leggje for mykje vekt på at urinprøver blir tekne med i parfymeglas med mikroskopisk opning. Det kunne slå urettvist ut mot produsenten, altså av urinprøva, ikkje av parfymen.

Påhitta er til tider mange. Til dømes er det ikkje alle som kunne makte å fjerne kula i ein Mums Roll On deodorant og erstatte deodorantinnhaldet med ein malodorant.

Tine-meieriet sine Lett Rømme-pakningar krev godt med Rema-posar kring seg dersom prøva skal kome velberga fram.

Litt interessant er det når ei prøve anno 1997 blir bringa i ei flaske som hadde innehalde «Borvann 2 % til omslag. Anvendes før 5 – 85».

Den mørkøygde øybuen

«Har du kanskje urinprøve med deg?» spør lækjaren ein mørkøygd øybu i 30-årsalderen. Han seier ingenting der han sit framfor meg på andre sida av bordet. Så luter han hovudet framover, fester blikket sitt fast og intenst mot mitt, dreg munnvikene nedover og let høgre hand som i ein gamaldags westernfilm gli langsamt inn i venstre innerlomma på jakka si. Heldigvis dreg han ikkje fram ein seksløpar. men ei urinprøve på ei Fanta-flaske. På det stadiet hever begge munnvikene seg til eit smil og vi slappar begge av.

Den sigrande emballasjen

Den overlegent mest brukte emballasjen for urinprøver til mitt sunnhordlandske kontor var Stavlands tomatpuré. Dette tyder neppe at konsumpsjon av Stavlands tomatpuré aukar behovet for urinprøvekontroll. I det heile tillet det neppe noka anna slutning enn at dette produktet er mykje brukt på våre kantar.

Delikat Appetittsild 270 g kom som ein god nummer to, rett nok med under halvparten av frekvensen til Stavlands tomatpuré. Stavlands ekte lynghonning og Galla Tomatpuré kom begge på delt tredjeplass, saman med hydrogenperoksid og Nestlés barnemat.

Blant andre gamle kjenningar kom Rigabalsam og honning, Solo appelsinbrus og kamferdråpar.

Konklusjon

Dette er ingen seriøs studie som tek sikte på å føre vitskapen framover og merittere i noko fag, korkje urologi, psykiatri, folkeminnevitskap, psykiatri, sosiologi eller marknadsføring.

Han er utført over eit år av eit, tillat meg, leikande menneske, ein homo ludens, som innser det unyttige i slike nyttelause studiar.

Kan det unyttige vere nyttig?

Det mest alvorlege ved det heile er at forfattaren meiner at stundom er det unyttige nyttig, om ikkje for anna enn for å stimulere musculus risorius bilateralt.

Men som ein seriøs avslutning bør det slåast fast at vidare forsking er nødvendig for å kartlegge eventuelle geografiske skilnader i det nasjonale forbruket av urinprøveemballasje av ulikt fabrikat.

1

Vatle HA. Deutsche Reiseeindrücke Norwegischer Ärzte 1839 – 1868. Doktoravhandling. Würzburg: Institut für Geschichte der Medizin, 1981.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler